Eg er særs glad i å lese, og målet er å lese ei boka i veka. Etter at eg vart sambuar - og deretter gift - går det dog litt meir trått med lesinga - "reading is for solitude", som mi skotske brevvenninne Ruth ein gong sa. I tillegg er helgene og delvis/tidvis dagane fylt med fallskjermhopping, og sjølv om det med varierande vær burde vere gode forhald for lesing så blir det diverre sjelden til det.
Tidlegare har det for det aller meste gått i krim av ymse slag, helst moderne krim - dvs. relativt nye bøker, med handling frå nyare tid. Etterkvart har eg innsett at å kun lese krim kan bli litt smalt, så eg forsøker spe på med andre ting også: "klassikarar", ikkje-krim-romanar og ikkje minst samfunnsvitskapleg faglektyre og populærvitskap. I 2004-2005 las eg dessutan "Isfolket" av Margit Sandemo igjen, 14-15 år etter at eg sist gjorde det (på ungdomsskulen). Eg syntes ikkje dette var allverda til litteratur den gongen, sjølv om det var spanande, og eg var litt nyfiken på kva eg syntes 15 år etter. Vel, det var framleis ikkje allverda til litteratur :-P Eksperimentet vert ikkje gjenteke når eg er 45.
Målet med å lese ei bok er som regel ein av to: anten rein underhaldning (krim er eit typisk døme på dette) eller å lære noko om eit interessant tema - aktuelle hendingar, historie, politikk etc.
Etter kvar bok forsøkte eg tidlegare skrive litt om henne, med mi eiga korte vurdering. "Bokomtalane" var av høgst varierande kvalitet og lengd, men etterkvart vart det til at eg berre skreiv inn data om bøkene med ein tanke om å skrive meir "seinare" - eit tidspunkt som aldri kom. Frå 2009 planlegg eg difor å skrive litt om bøker på bloggen min - når eg har tid og inspirasjon. Hvilket viste seg å vere ikkje så innmari ofte, diverre.
Dette er nettstader der eg sjølv pleier kjøpe bøkene mine. Eg er stort godt nøgd med dei alle saman. Hos amazon.co.uk har eg òg mi eiga ynskjeliste, i tilfelle nokon skulle ville kjøpe bøker til meg ;-)