Tegneseriebok. Satire, skrÄtt blikk pÄ Noreg anno 2002. Flott teikningar, veldig uttrykksfulle bein(!), som det (omtrent) stÄr i forordet.
Historia om ein bokhandlar i Kabul og familia hans. Bra historie, men kvinnenes skjebne gjorde meg tidvis rasande! SkjÞnner ikkje at Seierstad klarte halde seg.... nokre smÄ minus for litt manglande fokus - eg hadde syntes det var meir interessant om ho hadde lete kvinnene vere i fokus heile tida, i staden for Ä konsentrere seg om nesten heile bokhandlarens familie.
Beretningar frÄ New Yorks kjÞken. Den fyrste delen har vore trykt i avis fÞr, og er heilt klart meir gjennomarbeidd enn den siste delen. Men ei bra bok.
Kriminalthriller om Kurt Wallander og dottera hans, Linda, som skal byrje i Ystad-politiet om fÄ veker. Det starter med brennande svaner, held fram med brennande kalvar og dyrebutikkar og ender med brennande kyrkjer og menneskeoffer. Kristne dommedagsprofetar og korfor dei gjer som dei gjer - med slutt 11. september 2001...
En onsdag i april 1995 vart heile Noreg invitert til Ä skrive dagbok. Denne boka inneheld utdrag og heile daggbÞker frÄ denne dagen, med kommentarar frÄ forfattaren, som er etnolog. Eg synes det var ei interessant bok, som seier mykje om Noreg anno 1995. Folk har det stort sett godt, og eg er spesielt imponert over pÄgangsmotet og livglÞden til ein del av dei eldre bidragsytarane. 98-Äringen i 4. etasje utan heis som var i butikken nesten dagleg var imponerande!
Barndomsskildring om Juha Lindströms barndom, sannsynlegvis sjÞlvbiografisk. Fyrste halvdel er relativt uskuldig, med episodar frÄ Juhas oppvekst sett med auge som tydelegvis er pÄ alder og modenheitsnivÄ med Juha sjÞlv. Her er ingen av pÄfunna dumme - dei berre fÞlest heilt naturleg for ein 10-12-Äring. Siste del er meir alvorleg, med mykje mobbing av bÄde Juha og medelevar. Den som mobbar vert sjÞlv mobba, og det ender svÊrt trist. Ikkje eigentleg den boka eg trudde det skulle vere - Jonas Gardell er komikar, men det er vel som vanleg slik at ein vert undertrykt som barn, og fyrst som vaksen kjem svanen ut. Dei som trudde dei var sÄ vellukte som barn, kjem ofte ikkje sÊrleg mykje lengre. Kanskje har det noko med det Ä mÄtte kjempe Ä gjere?
Relativt ordinÊr krimhistorie med eit relativt lite originalt plott: ung kvinne, tidlegare narkoman og no klient i siste fase ved behandlingskollektiv, vert funne drepen. TrugsmÄl frÄ "undergrunnsmiljÞet" pÄ forhand, mange rundt henne har mogleg motiv - fÄ har mogleik. Litt overraskande, men sÊrs logisk, gjerningsmann. Ikkje frykteleg original, men altsÄ heilt ok. Fyrste boka eg har lese av denne forfattaren.
I utgangspunktet er dette ei interessant bok om biologiske skilnader i kvinner og menns hjerner, og at kvinner fÄr overblikk medan menn har romkjensle, som gjer at vi vel forskjellig med omsyn til yrke, utdanning, interesser, val i dagleglivet, diskusjonar rundt middagsbordet... Men etterkvart vert det heile sÄ totalt einspora - ingen mogleik for at det er andre ting enn rein biologi som pÄvirker, ingen mogleik for Ä endre noko som helst ettersom biologien har talt osv. Ja, det er fÄ kvinnelege sivilingeniÞrar (dei hadde til og med klart finne ei undersÞking frÄ Irland, GB eller Australia som sa at det fantes 0 - NULL - kvinnelege sivilingeniÞrar!), nei, det er ingen vits i Ä forsÞke endre pÄ det, nei, det har overhode ingenting med kordan arbeidsmiljÞet er eller kordan vi oppdrar barn og unge. Det har KUN med hjernen Ä gjere. Godta det og la dottera di bli sjukepleiar eller noko anna der ho kan jobbe med menneske. Det er godt mogleg at boka vert betre mot slutten - etter Ä ha lese den fyrste fjerdedelen og lidd meg gjennom den neste, gav eg opp Ä lese denne boka fordi eg vart sÄ irritert. Det er sikkert fordi boka er skrive av ein mann og ikkje eigna for den kvinnelege hjernen min.
Bok om Victor Alveberg, fotograf. PÄ mange mÄtar ein oppvekstroman frÄ 1960- og 70-talet, om spesielt ungdoms- og tidleg vaksenliv. Boka var tildels litt sÊr - litt springande, mykje fantasi og draumar, veldig annleis enn andre bÞker eg har lese innafor "oppvekstsjangeren" (bla. Gerd Brantenbergs bÞker). Fyrste bok i ein trilogi ("Drift" 1996; "DrÞmmen om havet" 1996; "Veien til Dhaka" 1997). FrÄ omtalen pÄ baksida av boka: "Drift er fortellingen om Victor Alvebergs lange og farefulle ferd mot kjÊrligheten. underveis blir historien ogsÄ et trollspeil som reflekterer 70-Ärenes kulturelle og politiske utskeielser. Tiden da man trodde alt var mulig."
Jesper Humlin er poet med mange stipend og fÄ seldte bÞker. Forlaget hans vil no at han skal skrive ein krimroman (og det gjer alle rundt han ogsÄ - konkurrenten, kjÊresten, mora, ...), noko han sjÞlv absolutt ikkje ynskjer. For Ä forsÞke fÄ inspirasjon til forfatterskapet sitt, starter han eit skrivarkurs for den afrikanske flyktningen Tea-Bag og hennar venninne Tanja og Leyla. HÄpet er at dette skal fÄ han til Ä byrje skrive krimromanen, i staden fÄr han hÞyre jentenes historiar. Historiane fortel om eit liv og opplevingar svÊrt fjernt frÄ dei liva dei fleste av oss i Norden lever - og ogsÄ fjernt frÄ det livet politikarar og almunen ynskjer og trur at flyktningane lever nÄr dei kjem hit. Ei veldig god bok, lett Ä lese og ein heilt annan del av Mankells forfattarskap enn dei vanlege Wallander-bÞkene.
Novelleantologi av kvinnelege irske forfattarar. Stort sett romantiske noveller - anten med (forventa eller overraskande) happy ending, eller med overraskande (novelle-)ending. Ei kosleg bok - om enn best i mindre dosar, unntatt dei dagane eg var i humĂžr til "klisselesing" :-)
Antologi med historiane til unge lesbiske og homofile i Noreg. Tildels godt skrive historiar, men varierande kvalitet og "interesse" - som vel er vanleg i dei aller fleste antologiar av denne typen. Men absolutt ei viktig bok.
Andre bok i trilogien om Victor Alveberg. OgsÄ denne boka var i sjangeren "oppvekst", sjÞlv om ALveberg no er blitt ein del Är eldre, pÄ alder med meg sjÞlv - men pÄ sÞtti-talet. Han er no etablert med familie, hus og jobb og opplever ei vaksande sprekk mellom dei forventningane han sjÞlv hadde og det livet han faktisk lever - som er langt meir "normalt" enn det dei sÄg for seg dÄ de flyttet til den noksÄ Þde staden Kaperhavn. Boka handler mykje om kjÊrleik og om svik, til menneska og til naturen og samfunnet. Mot slutten av boka vaklar Alveberg mellom trudomen til si eiga familie og kjÊrleiken til ei anna kvinne - og han ser ut til Ä velge henne. Eg er ikkje sikker pÄ om eg kjem til Ä lese den siste boka i trilogien ("Veien til Dhaka") - sjÞlv om boka var velskrive og spanande, er den litt tung Ä lese og den er dessutan lang (500 sider) - noko som i og for seg ikkje er sÄ ille, men det demper jo lysten til Ä byrje lese nÄr det tek meg to mÄnader ikkje-spesielt-intensiv lesing Ä kome gjennom den...
Milan Rai er ein engelsk fredsaktivist. I denne boka presenterer han ti motforestillingar til ein militÊraksjon. Den delen av boka med desse motforestillingane er bra, sjÞlv om nokre av dei gjerne kunne ha vore fyldigare. Den fyrste delen av boka dreier seg imidlertid om Ära fram mot 1991 og deretter fram mot 2002, og bestÄr av store delar sitat (med kjeldehenvisningar - over 700 ialt) frÄ politikarar og andre. Denne delen er etter mi meining svÊrt lite lettlese, tvert om svÊrt tung. Sitat KAN gjere ei tekst betre, men i dette tilfellet gjorde den teksten veldig oppstykka og tung Ä lese. Ei betre lÞysing ville ha vore Ä plassere dei korrekte sitata pÄ slutten av kvart kapitel og skrive dei om i den lÞpande teksten slik at dei vart lettare og meir samanhengane Ä lese. Boka er "subjektivt objektiv" - det er tydeleg kva stÄstad forfattaren har, men boka er sakleg skrive i ein refererande stil. Nokre stader "sklir" det imidlertid noko ut i meir personlege betraktningar, noko eg meiner forstyrrer teksten meir enn godt er.
Bok om Morten Martens og den forsvunne dottera hans. Boka fÞlger Martens' leiting etter dottera Anita som forsvann etter ein fotballkamp i Torino. Ingen veit kva som er skjedd, og saka etterforskast som ei kriminalsak sjÞlv om alle eigentleg trur det ikkje er skjedd noko kriminelt. Etterkvart er det tydeleg at Anita har vore gjennom ei personleg krise og forsvunne etter dette, og politiet legg vekk saka. Martens held imidlertid fram Ä leite, han vil snakke med dottera, og via ymse tilfeldigheitar vert bÄde han og dottera vikla inn i ei krimsak. Eigentleg ei noksÄ keisam Martens-boka, sÄ vidt eg hugser pleide det vere meir "action" i dei - dette her var meir ei smÄsÞt historie om persoinlege kriser og ein fars kjÊrleik til dottera si. Men boka var bra - som ein vanleg roman.
Lucy Sullivan blir med arbeidskameratane til spÄkone - for Ä fÄ seg ein god latter. Det viser seg at spÄkona spÄr at ho skal gifte seg i lÞpet av Äret - morosamt, sidan Lucy korkje er typen til Ä gifte seg eller har ein kjÊrest. Etterkvart gÄr venenes spÄdommar i oppfylling, og Lucy lurer fÊlt pÄ kven ho skal gifte seg med. Ho trur ho treff draumemannen Gus, men han viser seg Ä vere ikkje heilt som ho Þnskte. Det skjer ogsÄ ting i Lucys familie som forandrer mykje, og ho flytter heim for Ä ta seg av faren nÄr mora flytter ut. Etterkvart opner dette augene hennar og ho flytter tilbake til venninnene sine og overlet faren til andre - og ho gjer det slutt med Gus, fordi han, i likskap med mange andre kjÊrestar ho har hatt, er for lik faren.
Dette er kanskje den av Marian Keyes bÞker eg har likt best. Blandinga av alvor og moro er fin, og alvoret blir ikkje sÄ overfladisk som eg fÞler det har vore i andre bÞker.
Boka startar med at venene Tara, Kathrine, Fintan og Liv feirer Taras fÞdselsdag pÄ restaurant. Livet er som vanleg, dei har sine problem og gledar. Like etter blir Fintan alvorleg sjuk og store endringar skjer i alles liv. Tara, som tidlegare har tviheldt pÄ sambuaren Thomas fordi ho i ein alder av 31 Är slett ikkje kan bli singel att, byrjer tvile pÄ forhaldet. Kathrine, som har vore iskald overfor menn som forsÞker seg, forandrer seg - og takka vere at Fintans familie kjem pÄ besÞk treff kjÊrleiken ogsÄ Liv. Fintan gjennomlever sjukdommens mange faser, bÄde fysiske og psykisk.
For nokre dagar sidan skreiv eg at "Lucy Sullivan skal gifta seg" var den beste Marian Keyes boka eg hadde lest. Den pÄstanda varte berre ei veke - dette er DEFINITIVT den beste boka! Det er ikkje den same lettsindige spÞken her, boka er meir alvorleg, men samstundes optimistisk. For fyrste gong pÄ mange Är vart eg liggande og lese til eg var ferdig - rundt klokka to natt til tysdag...
Dette er ei reiseskildring frÄ Iran. Boka er spekka med personlege betraktningar, referat frÄ mÞte med stader og menneske og mykje fakta. Den gav meg lyst til Ä besÞke Iran, eit land eg kjenner dÄrleg, men som eg trur er veldig annleis frÄ amerikansk skremselspropaganda. Dette er ogsÄ Svingen og grÞndahls oppfatning - det er heilt annleis enn skremmebileta av ein fundamentalistisk muslimsk stat som mange teikner, menneska er opne og venlege, sjÞlv kvinner kjem dei tett innpÄ. Boka er ogsÄ godt skrive, lettlese, men samstundes godt sprÄk.
Dette er à sne Seierstads fyrste bok. FyrsteutgÄva vart skrive under Milosevic' styre, men etter hans fall eit Är etter mÞtte ho pÄ nytt personane ho hadde snakka med og skreiv vidare pÄ historiene deira, om draumar om falt i knas - eller som voks fram. Historiane er gripande, koslege, fÊle, til Ä bli sinte eller glade av. Mest inntrykk gjorde kanskje historia om Branko, leiar i Milosevic' ungdomsparti. Dette var ein person sÄ ulik meg sjÞlv, ein person eg ikkje klarte relatere meg til - og det gjorde historia sÄ gripande. Han gav aldri opp, sjÞlv ikkje etter Milosevic' fall. Andre historiar viser at folk i Serbia og Noreg ikkje er sÄ ulike, alle har vi vÄre draumar og problem, alle blir vi utbrente og leie, alle fÞler vi for Ä flykte i blant.
Dette er ei samling historiar, reportasjar, artiklar og foredrag om Afrika av den polske journalisten Ryszard Kapuscinski. Han skriv levande om luktene, folka, varmen, insekta, krigane og alt det andre han ser, opplever og tenkjer, og sjÞlv om han ikkje gjev meg direkte lyst til Ä reise dit (etter historiane om eit hotellrom fullt av kravlande kakerlakkar eller endelause regntider er ikkje Afrika Sà fristande...) er det sÄ bra skrive at eg fÞler eg er litt til stades, litt blant alle kakerlakkane, sanda, regnet og varmen. Det meste er skrive i ein personleg reportasjeform, og han har medvite vald Ä halde seg unna "offisielle reiseruter, palasser, fremstÄende personer og storpolitikk" - til fordel for "den vanlege afriukanar" - tilfeldige lastebilsjÄfÞrar, nomadar i Þrkenen og bbÞnder pÄ savannene. Eit Afrika heilt annleis enn det depressive biletet vi ofte vert presentert for i media i Nord-Europa.
Denne boka danner grunnlaget for "Fedon Lindbergs slankekur" (den heiter sjÞlvsagt ikkje det, sidan han sjÞlv ikkje vil kalle det slankekur). Boka er forsÄvidt interessant nok, han kjem med interessante og provoserande tankar og idear, men eg syens likevel det vert for ekstremt. At det krittkvite middelhavsbrÞdet gjev hoppande blodsukker, kan eg villig gÄ med pÄ (det er trass alt loff), men det er ein viss skilnad mellom dette og det norske grovbrÞdet, som dessutan er bakt pÄ kveitemjÞl med langt hÞgare utmalingsgrad enn det greske. Elles inneheld boka ein del oppskrifter, mange av dei ser veldig gode ut.
Ei novellesamling tildels frÄ India og tildels frÄ dei indiske eksilmiljÞa i USA og Storbrittania. Nokre veldig bra historiar, klassiske noveller med skikkeleg overraskande slutt. Forfattaren har fÄtt fleire prisar for novellesamlinga, og alle er sannsynlegvis velfortente.
Novellene handlar mykje om kulturskilnader mellom India og det nye landet. Her er alt fra immigranten som for fyrste gong stifter bekjentskap med corn flakes til frukost, til den hinduistiske kvinnas fascinasjon for kristne symbol og den gamle indarens mÞte med ein indisk-engelsk familie pÄ jakt etter rÞter.
Boka handler om opplÞysinga av iranske familiar under krigen mellom Irak og Iran. Hovudpersonane har alle flykta frÄ bomberegnet over Teheran, og den eine av dei, Behrooz, reiser attende for Ä leite etter venen Behram, som er sakna.
Reisa vert ei reise ikkje berre gjennom geografien til Teheran, men ogsÄ gjennom minner som strÞymer pÄ der han gÄr mellom utbomba hus, likhus og venenes tomme leilegheitar. Eg synesboka var bra, sjÞlv om forteljarstilen var heilt annleis enn i andre bÞker eg har lese, og dermed uvant.
Ei praktisk bok om jusen kring det Ä gifte seg og ikkje minst det Ä ha/fÄ barn og Ä skilje seg. Kjekt Ä vite, men elles ikkje sÄ veldig bra bok - eg synes dÞma vart for spesielle og einsidige, eg trur rÞyndomen er mykje meir blanda og eksempla burde ha gjenspegla dette ogsÄ. Dessutan sakna eg litt meir om sjÞlve ekteskapet. T.d. ville ei gjengiving av vigselsritualet vore naturleg Ä ha med nÄr kopi av blankettane som skal leverast ved ekteskapsprÞvinga er med.
Uten skjebne handler om ein 15-Ärig ungarsk jÞde som fyrst vert sendt pÄ tvangsarbeid, deretter til konsentrasjonsleir. Han tilpasser seg og overlever, som det stÄr i omtalen av boka. Boka starter med at han har fri frÄ skulen ein dag for Ä seie farvel til faren som vert sendt i "arbeidsleir", og avsluttes med at han er pÄ veg til si mor etter Ä ha fÄtt beskjed om at faren er daud i konsentrasjonsleir. Skildringa av livet i leiren., og spesielt ankomsten til Auschwitz-Birkenau er sÊrs sterk. Dei vert delt i kÞer, og vert fortald at kÞa til venstre, for kvinner, barn og sjuke, gÄr til sjukestue og skule, medan arbeidsfÞre menn skal arbeide. Alt er roleg og fredeleg, nesten idyllisk - pÄ avstand. Etterkvart som mennene rykker nÊrare fram til legen som skal dele dei i arbeidsfÞr eller ikkje arbeidsfÞr, vert lufta meir ladd, kjensla av utryggheit veks. Köves, hovudpersona, seier han er eit Är eldre enn han er og hamner i kÞa for vaksne, arbeidsfÞre menn. Etter arbeid pÄ steinbrot i mange mÄnader, hamner han pÄ sjukestove og sverer i lang tid mellom liv og daud, fyrst pÄ grunn av sÄra sine, sÄ fordi han er lite produktiv og ikkje arbeidsfÞr. Som ved eit under hamner han pÄ eit sjukehus der han fÄr god behandling fram til frigjeringsdagane i april 1945.
Det verste (og beste) med boka er den psykologiske delen av handlinga, der eg som lesar veit kordan dette kan ende, eg veit heile tida kva lagnaden til sÄ mange fangar i konsentrasjonsleir vart, eg veit sÄ mykje av det som 15-ringen som gÄr av toget i Auschwitz ikkje veit. Eg veit det ikkje er gitt at det gÄr bra, at gasskammeret kan vente pÄ neste side. Til tider gjorde den psykologiske spenninga meg kvalm - men eg klarte ikkje legge frÄ meg boka.
Boka er delvis sjÞlvopplevd, forfattaren satt eitt Är i konsentrasjonsleir frÄ 1944 til 1945. Han fekk Nobels litteraturpris i 2002.
Ei bok om krangling i samlivet, enkelt og greitt. Anders fekk denne av meg etter bryllupet, og eg syntes eg ogsÄ burde lese den. Mange gode tips til ein god krangel, sjÞlv om den lova "kordan bli vener att" for ein stor del manglar.
"Korrupsjonsjeger" er Eva Jolys sjÞlvbiografi. Som bok i denne sjangeren er den god. Den gjev eit godt bilete av barndom og oppvekst og kordan ho endte i Franrike, og ho fortel tildels nÊrt om livet sitt. Historia om den noverande familien (mann og barn) er dog nesten frÄverande. Sidan den i hÞgste grad er relevant, m.a. fordi Eva Joly har motteke trugsmÄl mot seg og familien i samband med saker ho har etterforska, virka det noko merkeleg. SprÄket er til tider ogsÄ litt for enkelt og lite gjennomarbeidd, der eit avsnitt t.d. kan innleiast med ei setning i 3. person, for sÄ halde fram med 1. person gjennom resten av avsnittet - utan at det er eit utsegn frÄ ein person som vert gjengjeve. Dette trekk inntrykket a boka noko ned, men det er likevel ein god sjÞlvbiografi, som gjekk unna pÄ ein drÞy kveld.
Rebel Code er ei moderne historiebok, om historia bak og rundt framveksten av den frie programvaren sidan 1990-talet. Den fÞltes ekstremt tunglest, men var pingen mÄte keisam eller eigentleg tung. Eg trur det som fekk den til Ä fÞles slik var dei relativt lange kapitla utan "store" asnittsskiller eller andre typografiske knep som gjorde det naturleg Ä legge inn bokmerket...
Boka anbefalast absolutt for dei som vil lese meir om bakgrunnen for dagens open source-miljÞ. Den inneheld mange interessante historiar, og sjÞlv om eg kjenner til dei fleste frÄ fÞr var det greitt med ei oppfrisking.
Dette er ein antologi med dei beste reiseskildringanme RisnÊs fann i biblioteket sitt. Han er kjend frÄ reiseprogram i radio og TV, og mange av ideane og kunnskapen han synes i desse programma fÄr han nok frÄ skjÞnnlitterÊre skildringar. I denne boka konsentrerer han seg om det austlege Europa, Midt-Austen og delvis Det Fjerne Austen.
Den fascinerande skildringa til Wilfred Skrede, nordmannen som ville til Little Norway for Ä bli jagarflygar under krigen og som endte med Ä dra gjennom Himalaya var sÄ fin at eg no er pÄ jakt etter heile boka han skreiv (Over verdens tak, 1950). PÄ omlag same tid var tyskaren Heinrich Harrer pÄ flukt frÄ India til Tibet - hans forteljing om dÄ han kom inn i den forbodne by er interessant og spanande. Likeins var historia til Alex Kerr om huset hans i Iya-dalen i Japan fin, trist at slike omrÄde snart ikkje finst lenger i Japan.
Mange veldig bra fortellingar, saman med nokre som eg ikkje likte sÄ godt - mest fordi dei var frÄ land eller omrÄde eg har lita interesse for.
Dette er boka "alle" har hÞyrd om, om den fattige gjetarguten som legg ut pÄ si lange reise frÄ Spania til Egypt for Ä finne kongens skatt. Reisa er ei reise ikkje berre gjennom mange land og lange strekningar, men gjennom ei verd full av levande og daude draumar, gode og onde menneske, Êrlege og uÊrlege personar. Essensen i boka er kanskje at det som vi trur er sÄ langt borte kanskje befinn seg veldig nÊr - men det kan likevel vere verdt Ä reise langt for Ä nÄ. Det Ä reise er viktig i seg sjÞlv, anten det er ei fysisk reise eller meir pÄ det mentale planet.
Ei generajonssoge om tre generasjonar kvinner som lever pÄ 1900-talet i Sverige, fyrst pÄ landasbygda, deretter i byen. Vi hÞyrer om live deira, lagnaden, kordan vart det som det vart, vart dei lukkelege, kva gjekk gale, kva angra dei pÄ - og kva var dei glade for? I fylgje forfattaren har den ikkje sjÞlvbiografiske trekk.
Ein heilt annleis reiseantologi enn RisnÊs'! I denne boka f du alle historiane du eigentleg kunne tenke deg Ä kunne fortelje (sannferdig) om at du opplevde, om i bunn og grunn er du glad for at nokon andre kunne oppleve det for deg... Kort sagt: reisene vi ikkje glÞymer, dei som ikkje gjekk heilt som dei skulle eller inneholdt litt for mange uromomnent. Bidraga kjem frÄ 29 meir eller mindre kjende nordmenn.
«FÞr i tiden hadde kvinner tid til Ä lage fruktterter og mÄtte simulere orgasme. NÄ fÄr vi til orgasme, men mÄ simulere fruktterter.»
Boka handlar om fondsforvaltaren Kate Reddy, vellukka karrierekvinne med mann og barn. Ho har tilsynelatande stÄlkontroll over alt, men det fÞles ikkje slik. MÞdrene pÄ skulen forstÄr ikkje kordan ho har tid til Ä jobbe fulltid samstundes som ho har barn (med kritiske rÞyster og insinuasjonar om at gode mÞdre er der for barna sine), sjefen synes ho jobber for lite og tek for mykje fri pÄ grunn av barna (nÄr ein mannleg kollega tek fri for Ä sjÄ dotteras ballettavslutning, fÄr han masse skryt for Ä vere ein god far, nÄr Kate gjer det, mÞter ho lÞfta augebryn) og mannen ser for lite til henne, synes ho lytter for lite og er for mykje pÄ reise.
Ei veldig morosam bok, samstundes som den var trist. Eit absolutt must Ă„ lese for menn som bli far (spesielt om dama arbeider).
Reisehandbok for Belgia og Luxembourg. Ok reisehandbok i den sjangeren, bortsett frÄ at hotellet vÄrt mangla og det er fÄ bilete, noko som for meg gjer det vanskeleg Ä danne meg eit bilete av staden eg skal til (ok, sÄ f eg gjere research pÄ nettet, dÄ...). Vi hadde ogsÄ storbyguiden for Brugge og Gent i same serie, denne inneheld stort sett opptrykk av dei aktuelle kapitla i hovudguiden, pluss forkorta versjonar av ein del andre kapitel.
Dette er ei bok som fortel kordan hagen bĂžr leggast opp dersom du er lat og vil ha maksimal hage med minimal innsats. Genialt! Min manns bok, vonleg les han den sjĂžlv fĂžr han anlegg japansk bonsai-hage og victoriansk rosehage... Boka inneheld masse gode tips, masse inspirerande bilete og er godt og morosamt skrive.
Den nigerianske forfattaren Chinua Achebe debuterte med denne boka i 1958. Den handlar om livet i den tradisjonelle Igbo-kulturen fÞr Den Kvite Mannen kjem til omrÄdet, og om kordan det endrar seg nÄr samfunnet vert meir og meir pÄverka av misjonÊrar og den britiske kolonimakta, om konfliktar som oppstÄr innad i familien og i klanen og kordan det gamle og det nye samfunnsvesenet har ulike mÄtar Ä lÞyse desse pÄ.
Hovudpersonen er Okonkwo, ein av dei mest respekterte mennene i Umofias. Han er stolt av det han har utfĂžrt, han er meister i bryting, har tre koner og er blant representantane for forfedreandene i stammerituala. Overfor dei kvite er han ein stolt og kompromisslaus motstandar.
Boka er stappfull av fablar og ordsprÄk, ritualer for dei ulike delane av livet - kort sagt, full av fortellingar om klanen og livet der. Det er ogsÄ overraskande episodar, der personar gÄr pÄ tvers av det det er forventa at dei gjer, ofte litt i det skjulte.
Dette er ei bok om tru og kjÊrleik og om meininga med livet. Jusstudenten Pilar fÄr eit brev frÄ barndomsvenen som har byrja pÄ (det katolske) presteseminaret, og drar for Ä mÞte han i Barcelona. MÞtet vert ikkje som ho hadde trudd, det er for mange andre der som vil snakke med han, og ho bestemmer seg for Ä dra heim til landsbyen dei er frÄ. Han overtaler henne til Ä bli med han vidare, og saman legg dei ut pÄ ei reise. Pilar er forelska, men veit han er uoppnÄeleg - han er jo ved seminaret. Etterkvart fortel han at han har slutta, at han no reiser rundt og fortel om trua si, om Guds kvinnelege andlet.
Pilar opdager stadig nye sider ved mannen ho elskar. Mange andre elskar han ogsÄ, dei mÞter opp i hopetal pÄ mÞta han held og han vert kalt ut i natta for Ä helbrede folk. Pilar har dÄrleg sjÞlvtillit og trur ikkje pÄ at ho kan fÄ denne mannen, mirakel-mannen.
Boka har mykje religiÞsitet (ikkje tradisjonell protestantisme eller katolisisme, men ei (relativt utradisjonell, sÄ vidt eg veit) blanding av nypaganisme, karismatisk vekkjing og Maria-tilbeding); den religiÞse bodskapet ligg heile tida mellom linene. Somme vil synes den er FOR religiÞs, men om du er budd pÄ det eller ikkje har noko i mot religiÞsitet, er det ei fin bok. Eg synes kjÊrleikshistoria for det meste var det mest framtredande elementet i boka.
Dette er ein antologi om norske boksamlarars forhald til bÞkene og boksamlinga si. Boka er skrive i 1944-1945 og ber tildels preg av det (bla. i ein av bidragsytraranes indignasjon over sensuren han vart utsett for dÄ han ikkje fekk lese visse bÞker dÄ han var yngre, noko han kan trekke parallellar til "i dag"). Bidragsytarane var sannsynlegvis kjende kulturpersonlegdomar i si samtid, men eg hadde (diverre) berre hÞyrd om ein av dei.
Forutan at det var artig og interessant Ä lese historiane deira, var det nokre ting som var relativt framand for meg og som fekk meg til Ä reflektere litt over endringane som skjer i tida. Ein ting som opptok desse mennene (det var ingen kvinner blant dei) var nemleg om bÞker skulle bindast inn (dei var forsÄvidt samde i at bÞkene skulle ha ei innbinding, ikkje berre vere hefta). Men kordan? Var forlagsinnbinding ok? Var det ok Ä binde inn bÞkene sjÞlv om kvaliteten ikkje var som fÞr? Kva nÄr Þkonomien ikkje tillot kvalitetsinnbinding av alle bÞkene, kva dÄ? LÄgare kvalitet eller uinnbunde? Meiningane om dette gav eit fascinerande bilete av eit lite aspekt ved bÞker som i dag heilt er forsvunne. I dag har vi vel alle akseptert forlagsinnbinding, diskusjonen gÄr meir pÄ om paperback er akseptabelt og moglegeins ogsÄ pÄ om ein skal ha smussbindet pÄ boka eller ei (dette var ein av bidragsytarane sterkt i mot, det var for mange grelle fargar og tok seg ikkje pent ut i bokhylla. Det skulle tas av og leggast inni boka.).
Shakespeares klassiske tragedie om Macbeths framvekst og fall. Faktisk var dette det fyrste skodespelet eg las av Shakespeare (om vi ser bort frÄ ei heller halvhjarta lesing av "Romeo og Julie" pÄ vidaregÄande, der eg las berre halve boka og knapt nok visste kven som dÞydde dÄ eg skulle skrive referat...), men det fristar til gjentaking. Boka er omsett/gjendikta av Edvard Hoem, og bÄde den norske og engelske teksten er med i boka. Eg fÞler meg langt frÄ sikker pÄ at eg ville fÄtt det same utbyttet av den dersom eg berre hadde hatt den engelske teksten (sjÞlv ikkje i modernisert utgve) Ä halde meg til...
Stykket handlar altsÄ om den skotske generalen Macbeth som vert spÄdd at han skal verte konge av Skottland. DÄ kona hans, Lady Macbeth, fÄr hÞyre dette, overtaler ho Macbeth til Ä drepe alle som stÄr mellom han og trona. Macbeth angrar dette, tanken pÄ kva han har gjort er tung Ä bere, og han fÄr dessutan mange fiendar. Til slutt fÞrer dette til hans fall, han vert drepen.
Wilfred Skrede var 19 dÄ tyskarane okkuperte Noreg. Han bestemte seg for Ä verve seg til Royal Norwegian Air Force i "Little Norway", Canada. Vegen dit gjekk austover - gjennom Sovjetunionen, Kina, Turkestan, Kina og India, og deretter over Det indiske hav og Atlantarhavet til New york - og Toronto. Reisa tok over eit Är, og gav den unge guten fantastiske opplevingar.
Han kjem borti ei rekkje farlege situasjonar, pÄ bÄde kropp og sjel. Han brekk ryggen i Sinkiang, han ligg pÄ sjukehus under sÊrs uhygieniske hÞve (men vert redda av ein lege som gjer sitt aller beste), han vert sett i fengsel fleire gonger, han vert misteke for Ä vere engelsk og tysk, han forelskar seg, han et med fyrstar og konsular, han vert forlatt heilt Äleine pÄ "verdas tak" - Mintaka pass.
Observasjonane undervegs er skildra med humor og alvor, han har ein nordmanns egosentriske naive syn pÄ verda kring seg, samstundes som han aksepterer livet der han kjem. Ein del av skildringane gav meg verkeleg kjensla av Baron von Munchhausen - med alt det fantastisk utrulege han ser!
Boka er tilsynelatande ukjend blant nordmenn - noko den ikkje brude vere. Det er ei fantastisk bok, ei bok det var vanskeleg Ä legge frÄ seg.
Dette er beretninga om Êresdrapet pÄ Pela Atroshi, ei kurdisk jente busett i Irak. Slektningane hennar trudde ikkje drapet ville vekke merksemd - Êresdrap er "lov" i fylgje irakisk lov, Pela hadde budd i Sverige og blitt "forsvenska", det vart lagt fram prov pÄ at ho ikkje lenger var jomfru osv. For dei var saka klar. Men Pelas modige syster Breen ville det annleis. Ho kontaktar svensk politi og klarer til slutt fÄ gehÞr for at ei kurdisk jente busett i Sverige er myrda og at dette er noko det svenske politiet skal bry seg om. Breen og Pelas onklar er svenske statsborgarar og vert etterkvart dÞmd for drapet i Sverige. Til gjengjeld veit Breen at ho for alltid vil mÄtte vere redd for sitt eige liv, familien vil drepe ogsÄ henne.
Dette var ei veldig gripande bok, fortald av ein journalist, men med Breens eigne ord, saman med beretningane til familiemedlemmer og fakta om samfunna og kulturane boka omhandlar. Alt er ikkje svart-kvitt, ein kan gjere ting som gÄr pÄ familiens Êre laus, og for dette mÄ ein straffast, meiner Breen - men det er ikkje naudsynt Ä drepe. Det finst andre mÄtar, det handlar om vilje, vilje til Ä tilgje, vilje til Ä glÞyme og vilje til Ä gje andre ein ny sjanse.
Etter Ä ha lese denne boka, spÞr eg meg sjÞlv: korfor, korfor lot eg denne boka stÄ i bokhylla nesten eit halvt Är sidan eg kjÞpte den i pÄska?? Tullete! Boka var absolutt brilliant, ei av dei aller beste eg har lese av NygÄrdshaug og absolutt den beste av Drum/Olsen-bÞkene. Den var spanande fram til siste side, heile tida skjedde det noko - og alle dei fascinerande detaljane! Heile vegen er det mengdar av detaljar, om stoffet han skriv om, frÄ etterforskninga, alle desse trÄdane som vert eit intrikat mÞnster som til slutt stÄr slÄande logisk og klart fram.
Boka handlar om den hemmelege etterforskinga av ei forsvinninga av ein eldre mann i Oslo. I kjÞlvatnet av dette dukker det mellom anna opp ei bilbombe, ein liten gut, ein kniv, ein Þrkenvandrar, ein antikvitetshandlar, ein turistguide, ein lege, ein arkeolog, alkymi, gamle sprÄk, Daudehavsrullar, kristendom, islam, israelske liljer,gullstÞv, nokre liter blod og ein rosa leppestift. Kripos-etterforskar Skarphedin Olsen og teamet hans, assistert av Olsens nevÞ Fredric Drum, nÞster opp i trÄdane og finn til slutt den hÞgst overraskande (og litt triste) lÞysinga.
Som sagt var boka utruleg bra, eg las i den omtrent kvar einaste vÄkne time i lÞpet av eit dÞgn, inkludert dÄ eg gjekk til jobb (dÄ rakk eg nesten to kapittel), sÄ dette er absolutt ei bok eg vil anbefale - iallfall om du liker NygÄrdshaug.
Dette er ei humoristisk reiseskildring av ei reise (eller to) gjennom Europa, frÄ Hammerfest til Istanbul, via ei mengde europeiske byar. Boka er full av pussige episodar og betraktningar, samstundes som forfattaren tydeleg har god kunnskap om det han skriv om (sjÞlv om kunnskapen ofte er tileiga eit par dagar pÄ etterskot). Dn er skrive i 1991, noko som set sitt preg pÄ iallfall reisa i aust-europa mot slutten av boka.
Roman om journalisten Therese SkÄrup som forsÞker kombinere karreire, familie (mann) og etterkvart barn. Ho har ambisjonar om Ä gjere karriere, men plutseleg har ho kjÊrast og er gravid. Ho reiser likevel til Moskva for Ä bistÄ korrespondenten Ferdinand der, og utset seg for farar ho ikkje burde utsette seg for i femte mÄnad.
Dette er ein roman om kjÊrleik, familie, jobb, karriere og framtid - med eit lite innsmett av krimroman pÄ slutten.
OppfÞlgaren til Thereses tilstand. Vibeke er tilbake frÄ Russland og fÞder ungen sin. Deretter er ho heimeverande med dottera i over eit halvt Är - ei slitsam og lÊrerik tid for Vibeke. Ho lÊrer mykje om seg sjÞlv og om livet rundt seg. Venninna Heidi, som ho treffte pÄ fÞdeklinikken, er med pÄ Ä gje livet farge, og pÄ det familiÊre planet skjer det ogsÄ mykje. Forhaldet til kjÊresten Paul, som er blitt programleiar i TV2 og pendler mellom Odense og KÞbenhavn, er turbulent - situasjonen er pÄ langt nÊr perfekt for nokon av dei.
Denne boka forsÞker Ä forklare kvifor sÄ mange menneske, ikkje berre i Midt-Austen, men i heile verda, "hater" USA. Dette skuldast innflytnanden USA har og har hatt pÄ resten av verda - kulturelt, utanrikspolitisk, innanrikspolitisk, i media og gjennom amerikanske selskp sine eigedelar i resten av verda. Den amerikanske dominanen vert plassert i ein kontekst av amerikansk sjÞlvforstÄing. Dette var ei interessant bok, med mange spanande tankar og slutningar. Til tider var den noko tung Ä lese, med lange kapitel, ingen underoverskrifter og ingen "store" avsnitt (berre vanleg innrykk).
Denne boka fortel om produksjon og tildels foredling av varer vi ser og bruker til dagleg - kaffe, bananar, kakao og bomull. Gjennom reiser til produksjonsstadene og intervju med tilsette og fagforeiningsaktivistar gjev David Ransom ein god gjennomgang av skilnaden pÄ "rettferdig" og "tradisjonell" handel med desse produkta, ein gjennomgang som fÄr det til Ä gÄ opp for ein at det faktisk speler ei rolle kva ein vel, at den ekstra krona som Max Havelaar-kaffen kostar betyr noko.
Ei veldig lettlese (basert pÄ avisartiklar) og interessant bok!
Denne boka er i same serie som Rettferdig handel, men pÄ langt nÊr like god. Den gav ein ok gjennomgang av verdshistoria - men utan Ä oppfylle forventningane den gav om Ä sjÄ den frÄ kvinnenes andre verdsdelar enn Europa sin stÄstad. Framstillinga var til forveksling lik den som gis i den norske skulen, dvs med eit blikk til sÞr og aust og sÞr-vest, men elles med konsentrasjonen retta mot vÄr eigen europeiske navle og mot USA. Kanskje hadde den litt mindre om USA enn vanleg - men det var ikkje nÞdvendigvis til det beste, sidan den heller ikkje hadde sÊrleg mykje om amerikansk dominans over resten av verda. Kvinnehistoria var stort sett plassert i fiffige tekstboksar i staden for i den lÞpande teksten - saman med historia til minoritetane, arbeiderane og andre verdsdelar enn Nord-Amerika og Europa. Rett nok er det eit par kapitel om SÞr-Amerika (fÞr og etter Columbus) og ditto om Afrika, men elles var det mykje sentrering om Europa. Eg hadde forventa meg ei meir "nÞytral" skildring - eller kanskje det motsette, ei sÊrs lite nÞytral skildring der "dei glÞymde delane" av verda vart framheva. Men det fekk eg ikkje. Boka er dog ein grei gjennomgang av verdshistoria, og viss ein har DEN forventninga til den, er dette ei lettlese og relativt velskrive bok (om enn skjemma av ein del skrivefeil av typen "glÞymd tusenÄret i Ärstal" og liknande som ikkje tyder pÄ andre manglar enn dÄrleg korrekturlesing).
Siste del i trilogien om Therese SkÄrup. Som dei andre to bÞkene er ogsÄ denne lettlese. Therese har hamna i redaksjonen i det nye utanriksprogrammet, og drar pÄ reportasjereise til Budapest for Ä intervjue ein "velgjerar" i Ungarn. Der treff ho fotografen Miklos med rÞtter i Danmark, og lager eit svÊrt godt intervju saman med ha - og forelsker seg. Vel heime forsÞker ho glÞyme han, og i staden konsentrere seg om kjÊresten Paul og dottera Zarina. SjÞlvsagt lukkast det ikkje, og dÄ han kjem til Danmark ender det heile med middag hos sjefen og planlegging av ein lengre reportasjetur til Ungarn.
Nokon har kalt denne boka banal, og det er den forsÄvidt: kvinne mÞter mann, mann mÞter kvinne, mann og kvinne har sex - og sÄ forhindrer dei eit drap pÄ slutten. SjÞlve handlinga er altsÄ ikkje mykje Ä skryte av, men eg synes boka inneheld mange gode poeng. Kvifor er det t.d. alltid Therese som vert utspurt om ho er utro? Korfor aksepterer ikkje kjÊresten at ho er saman med andre menn (i ein profesjonell setting) - medan han sjÞlv har elskerinne pÄ besÞk medan Therese er i ungarn og Zarina hos tante Kiki? Kvifor skal Paul vere i Odense halve mÄnaden, og klage nÄr Therese vil gjere andre ting enn Ä vere saman med han nÄr han er i KÞbenhavn?
Boka handler om Didrik Dahl som plutseleg ein morgon befinn seg naken framfor Akershus festning. Deretter lÞper han naken tilbake over RÄdhusplassen. I tillegg er venen David forsvunne, han fÄr ei mystisk telefonoppringing, nokon bryt seg inn hos han (med spett), ein fysikar er innlagt pÄ sjukehus, ein professor forklarer han eit og anna om tid, Pim vil ha kos - og i det heile teke. Med lange sprang fram og tilbake i tida og historien.
Det er tydeleg kven som er Thomas Hansens favorittforfattar... PÄ same mÄte som Gert NygÄrdshaugs bÞker er ogsÄ denne full av kvantefysiske sprang og underfundigheitar.
Men, jada, Thomas, i tilfelle du les dette: du har skrive ei fin bok. Gratulerer med den! Gert er betre enn deg. Men det er fordi han har skrive Mengele Zoo. Og ikkje minst fordi han skriv krimbĂžker. For trass i at David Sagene er forsvunne, er ikkje Ambolten ei krimbok.
Roman om den noko ubalanserte Gilbert Gundersen (Pop) og litt for mange hendingar i lÞpet av litt for kort tid av livet hans. Som det stÄr bakpÄ boka, er den skrive me humor, ordspel, absurde situasjonar og er uderhaldande og lettlese - ei morosam tragedie. Og dette er ein karakteristikk eg slutter meg til.
Nok ein Varg Veum-roman. Veum er ute frÄ avrusing, og fÄr ved hjelp av fysioterapeuten sin jobb som vakt for huset til nokre bekjente av henne. Ved fyrste besÞk i huset finn dei ein daud mann i svÞmmebassenget, og fysioterapeuten forsvinn. Drapet og forsvinninga viser seg Ä ha samband med ei Ätte Är gamal forsvinningssak og ei nyoppdaga miljÞskandale, og Veum ruller som vanleg opp saka - som fÄr ein overraskande slutt.
Ei heilt grei Staalesen-bok, om ein romanfigur som eigentleg ikkje er min favoritt.
Bokas tittel er henta frÄ elgjakta - losen frÄ jakthundane like fÞr det avgjerande skotet fell. I boka lyd stadig daudsklokker. Den starter med ei tilfeldig hending, ei hending som kunne skjedd kven som helst nÄr som helst. SÄ baller det heile pÄ seg, og menneske gjer ting dei under normale eller vanlege omstende aldri ville ha gjort. Prosessen er umogleg Ä stoppe, og med stadig sterkare kraft og fart vert hovudpersonane drive fram mot katastrofen.
Ein annleis krimroman, samanlikna med andre eg har lese i det siste, samstunde ssom den heller over mot thrillerplanet, som normalt er ein sjanger eg ikkje er spesielt begeistra for. Men denne boka var bra.
Boka handlar om Boo.com og dei tre grĂŒndarane Ernst Malmsten, Kajsa Leander og Patrik Hedelin og kordan dei klarte Ă„ skaffe bĂ„de startkapital og dekking av utviklingskostnader for Ă„ selge sportsklĂŠr pĂ„ nettet. Totalt 1.2 milliardar kroner klarte dei fĂ„ inn i lĂžpet av eit drĂžyt Ă„r - og like raskt var pengane brukt opp. Boo.com skulle lanserast globalt, med kontor i m.a. London, New york, MĂŒnchen og Stockholm, eit stort tal tilsette pĂ„ kvar stad og liten grad av kostnadskontroll. At dette ikkje kunne gĂ„, er det - iallfall i ettertid - lett Ă„ sjĂ„, at det faktisk gjekk sĂ„ langt som det gjekk, er - ogsĂ„ i ettertid - vanskeleg Ă„ forstĂ„.
Boka er stort sett godt skrive, med eit interessant og fascinerande tema, men innimellom legg forfattaren ut litt for mange lause trÄdar. Kva er poenget med Ä intervjue og namngje ein tilsett for sÄ Ä kun nemne han i eitt einaste avsnitt, der det stÄr ting om han som vert hengande i lause lufta? Boka er dessutan skrive kun frÄ Patrick Hedelins stÄstd, Leander og Malmsten ville skrive sine eigne bÞker og medvirker ikkje. I tillegg til hedelin er eit stort tal tidlegare tilsette i boo.com, samt andre som pÄ eit eller anna vis var med eller innom, referert til i boka.
Skildringa av ei backpackar-reise i Thailand - ei reise med eventyr utanom det vanlege... Richard er i Bankok og kjeder seg. I rommet ved sidan av ligg ein mann som er i ferd med Ä dÞ. FÞr han dÞyr, overlater han eit kart til Richard - med vegrettleiing til Stranda - eit litt legendarisk Eden for backpackarane i omrÄdet. Richard dreg dit, saman med eit fransk kjÊrestepar. Deira ankomst dit er pÄ sett og vis starten pÄ slutten for Stranda. Ei rekke hendingar fÞrer fram mot undergangen for staden, og Richard kjem seg sÄ vidt ut i live. FÞr det skjer, dÞyr fleire personar - med hans direkte eller indirekte bistand.
Ei spanande bok, til tider litt for medrivande. Eg trur den minner litt om Fluenes konge av William Golding - ei bok eg har vage minne om frÄ vidaregÄande. OgsÄ der handlar det om eit samfunns opplÞysing og veg mot undergangen.
Boka er skrive i eit direkte gatesprÄk, sÄ stygt at det vert poetisk, og ahndlar om Maikel som bur i São Paulo. Han er ein tilfeldig unggutt - fotballinteressert, kokainmisbrukande, storkjefta og sexfiksert. Ein dag skyt han Suel i ryggen og drep han. Han vert redd - men det viser seg at alle etter dette ser opp til han - Suel var ingen populÊr mann. Han fÄr gÄver frÄ alle i nabolaget, sjÞlv politiet roser han. Ein dag treff han ein tannlege som tilbyr seg Ä fikse tennene hans viss han drep ein mann. Maikel er skeptisk - han liker ikkje Ä drepe - men gjere det likevel, det er den einaste sjansen han har til Ä fÄ fiksa tennene sine. SÄ baller det heile pÄ seg - fleire drap, meir pengar, fleire gÄver, to kjÊrestar og mange "vener". Inntil han ein dag drep ein gut frÄ feil klasse. Plutseleg liker ingen av dei med makt han, ingen vil hjelpe han. Han hamner i fengsel, vert forsÞkt drepen, klarer Ä rÞmme.
Antologi av eit tjuetals jenter som skriv om sine ulike rÞynsler og opplevingar - som alle er knytta til det Ä vere kvinne, til kvinnerolla, til opplevingar som har forma dei, sÄra dei, styrka dei. Tildels veldig sterke forteljingar - og forteljingar som fekk meg til Ä tenkje over mi eiga rolle, mine eigne opplevingar. For det er faktisk ikkje slik at vi lever i eit likestilt samfunn. Ja, eg har same lÞn som mine mannlege kolleger, eg sit i styret i bedrifta pÄ same mÄte som dei, eg har same arbeidsoppgÄver som dei, eg er kort og godt likestilt i forhald til dei, i vÄrt mikrokosmos. Men i samfunnet, i makroet, er det langt att. Kvinner tener mindre enn menn, der er kvinnelege styremedlemer i stort mindretal, der vert kvinner sett til lite utfordrande rutineoppgÄver, der vert kvinner trakassert, der vert det forventa at kvinner passer inn i rolla si, at vi fyller rolla vÄr - slik samfunnet forventer at vi skal fylle den. Vi kan vel alle peike pÄ at "nei, sÄnn er det ikkje, eg har jo same lÞn, eg er jo styreleiar, eg er sjef, eg gÄr mine eigne vegar" - men korfor skal vi TRENGE Ä peike pÄ dette? Er det ikkje sjÞlvsagt at det er sÄnn? Burde det ikkje vere det?
Dette er ein biografi om Lise LindbÊk, Noregs fyrste kvinnelege utanrikskorrespondent. LindbÊk var korrespondent for norske aviser, m.a. Dagbladet, frÄ 20-talet. Ho var sekretÊr og tolk for Amundsen og Nobile i Italia, men dei viktigaste hendingane i livet hennar skjedde medan ho var korrespondent i Spania 1936-1939. Under 2. verdskrigen var ho i USA, fÞr ho kom attende til Noreg i 1945 og virka som fÞredragshaldar, journalist og forfattar her og i andre land i Europa. Ho snakka sju sprÄk flytande og hadde reist rundt i det meste av vest-europa fÞr, under og etter krig.
Boka handlar om hennar kamp for dei svake, for dei som kjempar og lid, for barn, mot fascismen, for Ä kome seg fram og fÄ oppfylt mÄla sine. Historia er spanande og samstundes tragisk - LindbÊk fekk pÄ langt nÊr den forstÄinga og stÞytta frÄ norsk presse som det i ettertid synes klart at ho fortente, ei heller etter krigen, dÄ det synte seg at ho hadde hatt rett i sin skepsis og frykt for fascismen ho opplevde i Italia. Ho leid heile livet av pengemangel, og dÞydde einsam og forlatt i Tyskland i 1961, berre 56 Är gamal.
Ei bok som hevdar Ä kunne fortelle deg kordan du skal kunne fÄ tid til alt du vil og andre fine ting. Den er ikkje spesielt revolusjonerande - at det er lurt Ä vaske hÄret og legge fram klÊr om kvelden for Ä spare tid neste dag, det visste eg. Tida eg sparer pÄ Ä gjere det, skal eg visst bruke til Ä re senga, tÞmme sÞppel og lufte soverommet skikkeleg fÞr eg gÄr om morran. Jaja. Det skal den ha, den er i det minste logisk. SÄ logisk at eg ikkje hadde trengt kjÞpe den, nei. (Til mitt forsvar: det var ei bonusbok som kosta meg veldig lite.)
Kort og godt ei bok full av selvfÞlgeligheter, den gav knapt nokre nyttige pÄminningar av det eg visste frÄ fÞr.
Dette er visstnok den fyrste norske skjÞnnlitterÊre novellesamlinga med kun skeive kjÊrleikshistoriar. Mange av novellane var svÊrt rÞrande, andre berre sÄnn passe godt skrive. Spesielt historiane til Gerd Eva Lillo og Gudmund Vindland var veldig gode - fyrstnemnde med overraskande og morosam slutt (og handling, forsÄvidt), sistnemnde moglegeins ei av dei beste kjÊrleiksskildringane eg har lese (Gudmund Vindland stiller dog i sÊrklasse der).
Den tredje Pondus-boka frĂ„ Ăverlis hand. Som vanleg, veldig bra.
Dette er ein kjÊrleiksroman, om andeleg og fysisk kjÊrleik. 21-Ärige Klara JÞrgensen frÄ Noreg har hamna i Venezuela, i ein fjellby og pÄ ei Þy ved kysten av landet. I fjellbyen bur Gabriel Angélico, pÄ Þya bur William Penn. Boka bestÄr av to delvis samanvevde historiar, begge med Klara - den eine frÄ fjellbyen, den andre frÄ Þya. Den handlar om kjÊrleik, om lengsel, om ynskjet om Ä finne den evige kjÊrleiken, om smerte og om sorg, om flukt, fridom og frigjeving - om Ä vere pÄ reise, ei reise i det fysiske og det psykiske.
Boka handlar om tenaren Jacques og herren hans. Jacques byrjer fortelje om den gongen han vart forelska, og gjennom utallige digresjonar, bÄde i sidehistoriar frÄ Jacques og herren, og i hendingar i den verda dei befinn seg i, fÄr vi hÞyre denne historia. Til slutt stiller han overfor tre ulike sluttar pÄ forteljinga - vel den du liker, den som framstiller hovudpersonane slik du ynskjer dei er.
DÄ boka vart skriven, seint pÄ 1700-talet (den vart utgjeve i 1796, men skrive nokre Är fÞr dette), var den ei nyskaping innafor romankunsten, og Diderot utfordrar biletet av kva ein roman er og kordan ei forteljing skal skrivast. Boka er til tider ulogisk i tid og rom - men dette er gjort medvite frÄ forfattarens side, og er del av dei utfordringane han gjev i romanen.
Dette er den 11. boka frÄ Anne Holts hand (hender), og den sjuande med Hanne Wilhelmsen i hovudrolla. Som vanleg har Anne Holt levert ein god krimroman. Eit kvadruppeldrap vert oppdaga i Oslo, og lÞysinga synes klinkande klar: familietragedie pÄ grunnar av pengar og misunning. Men er lÞysinga sÄ openbar som den virker? Kva er det etterforskarane ikkje ser? Gjennom ei hektisk jul lÞyser Oslo politikammer drapssaka, men til kva pris?
Denne gongen kjem vi ogsÄ nÊrare innpÄ Hanne som menneske, med tilbakeblikk pÄ fortida og spÞrsmÄl om korfor ting vart som dei vart. Dette er ein trend som har heldt fram frÄ dei siste par bÞkene - i motsetnad til dei fyrste bÞkenem, der ho var ein veldig lukka person som ikkje fortalde sÊrleg mykje om privatlivet sitt, korkje til kolleger eller til lesarane av boka.
Boka handler om den kulturelle distansen mellom nord og sÞr. Bokas forteljar kjem tilbake til Sudan frÄ studier i London for Ä jobbe, og i heimlandsbyen treff han Mustafa Said, som det viser seg at har studert i Oxford og har sÊrs gode akademiske kunnskaper. Etterkvart skal det vise seg at dei sosiale kunnskapene er langt dÄrlegare, og var grunnen til at han etterkvart vendte heim frÄ london og gifta seg med ei kvinne frÄ nabolandsbyen til forteljaren. I boka fÄr vi hÞyre om Mustafas tragedie som etterkvart fÄr store konsekvensar for forteljaren.
Boka er sagt Ä vere eit av dei mest betydningsfulle verk i nyare arabisk litteratur, og skildrar kulturkonflikten og klÞfta mellom den europeiske kulturen og kulturen i det arabiske Afrika. For forfattaren Tayeb Salih, som sjÞlv fekk si utdanning i England, var denne romanen hans bru over til den arabiske kulturen dÄ han flytta for Ä studere.
Dette er Anna Janssons debutbok, og sÄledes den fyrste boka om politiinspektÞr Maria Wern. Ein mann vert funne drepen og hengd, og det er ting som tyder pÄ at dette er eit ritualmord - eit midtvintersblot. Maria oppdagar sterke likheitstrekk med eit drap i Uppsala 9 Är tidlegare - men mordaren frÄ den gong vart drepen i ei bilulykke, sÄ det kan ikkje vere den same. Eller kan det det? Takka vere Marias tru pÄ at ho nÊrmer seg lÞysinga, litt ukonvensjonelt politiarbeid og evna til Ä snakke med folk kjem politiet nÊr ei lÞysing - dÄ heile situasjonen med eitt er heilt forandra, og Maria er nÊr ved Ä miste noko av det kjÊraste ho har.
Som sÄ mange andre unge, kvinnelege krimforfattarar i Sverige er ogsÄ Maria Jansson oppteken av kvinnas soleklare rett til Ä arbeide - ogsÄ i sÄkalte mannsdominerte yrke - og som i bÞkene til t.d. Liza Marklund og Emma Vall vert ogsÄ Janssons hovudperson utsett for diskriminering. Dette er eit spesielt trekk ved svensk moderne krimlitteratur - eg kan ikkje hugse Ä ha sett det same i norske krimbÞker, men sÄ er kanskje norsk krim ein meir etablert "rase" - iallfall blant dei kvinnelege forfattarane, som for ein stor del ogsÄ har vald mannlege heltar.
Dette er bok nummer to om politiinspektÞren Maria Wern. Denne gongen har ein mann forsvunne, to menn vert funne daude, ein seglbÄt vert sprengd - og Maria forsvinn. FrÄ Ä vere ei relativt uinteressant (eller iallfall uprioritert) forsvinningssak blir saka ei av dei mest alvorlege politiet i byen har opplevd. Mordaren har ingenting Ä tape (og ingenting Ä vinne) og skyr ingen middel for Ä nÄ mÄlet sitt - hemn.
Eg synes denne boka var eir "triviell" enn den fyrste. Kanskje var Anna Janssons stil eg var blitt vand med, men heile plottet var pÄ sett og vis enklare og meir forutsigbart denne gongen. Den minte ogsÄ svÊrt mykje om "SprÀngaren" av Liza Marklund - no er ikkje det noko dÄrleg bok Ä bli samanlikna med, men plottet og sidehendingane var til ein stor grad likt, med problem pÄ heimebane, mannssjÄvinist pÄ jobb og "detektiv" pÄ jakt etter spor - og sÄ kom ho litt for nÊr.
Petter har ei merkeleg historie. Han hadde aldri vener - men fÞlte seg ikkje venelaus. Han skriv - men vil ikkje vere forfattar. Han kan alt - men har inga utdanning. Han lever av Ä skrive. Ikkje for seg sjÞlv, men for andre. Store mengdar plott til romanar, noveller og filmar kjem frÄ hjernen og hendene hand. SjÞlv kunne han aldri tenke seg Ä publisere noko, Ä la andre sjÄ at det er han som har skrive det, men gjennom andre forfattarar sprer han det han skriv.
Dette er historia om ein sjakkspelar. Om ei fatal erotisk forbindelse. Om alle som vil skrive, men som ikke hadde noko Ă„ fortelle. Om Ă„ produsere meir enn ein kan fordĂžye. Om eventyr og fantasi. Om rĂžyndom og verda. Om sirkusdirektĂžrens dotter. Om ein edderkopp som sit fast i sitt eige nett.
à sne Seierstads forteljing frÄ krigen i Irak vÄren 2003, frÄ ho kom dit i januar 2003 til Ä reiste ut siste gong i april 2003, like etter at USA hadde (ein slags) kontroll over byen (kontrollen var i det minste ikkje Saddam Husseins).
Boka inneheld sterke beretningar frÄ menneska ho mÞtte, reportasjane ho aldri rakk skrive, bileta ho tok, men ikkje fekk trykt, bilete ho sÄg, men ikkje tok. Innimellom er reportasjane som kom pÄ trykk i dei nordiske avisene med - saman med historia rundt den. Oppgittheiten over Ä ikkje fÄ visum, gleda dÄ ho endeleg finn ein mÄte Ä fÄ visum pÄ etter Ä ha venta lenge - og dagen etter kjem det offisielle pressevisumet ho har sagt seg viljug til Ä betale hÞg pris for. Beretningar frÄ al-Kindi-sjukehuset, frÄ massakren pÄ marknaden i al-Nasser, frÄ moskeen der dei daude vart vaska og stelt fÞr gravferda. Frykten og angsten pÄ hotellet, kva vil skje, kjem amerikanarane, kvifor skyt dei pÄ hotellet? Redsla for Ä gÄ ut, "i dag har jeg ingenting Ä fortelle fra Bagdad". Reportasjar i hjelm og skotsikker vest, om Ä sÞke dekning bak hushjÞrnet under direktesending, om nyheitshungrige kolleger langt borte - og rundt henne. Historia om sjÄfÞrane og tolkane, oppassarane frÄ regimet som skulle passe pÄ at ho berre sÄg det ho skulle sjÄ, som alltid sa dei rette tinga, viste hene dei rette hendingane. Og som ho gradvis kom innunder huda pÄ.
Dette er ei sterk bok frÄ krigen i Irak, ei reportasjebok denne gongen - ikkje ein roman eller ein dokumentar. Og ei veldig god bok.
Dette er den trykte utgÄva av Salam Pax sin blog frÄ Bagdad, "Dear Raed", frÄ 7. september 2002 til 28. juni 2003. Eg har else det meste fÞr, men over lang tid. Delar av boka hadde nok vorte betre med litt omarbeiding, det er skilnad pÄ web og bok pÄ papir, men det aller meste stÄr seg bra ogsÄ i bokform - Salam Pax skriv godt, og lenkjene stiller som regel som tilleggsmateriale og er ikkje strengt naudsynte for Ä forstÄ avsnitta.
Det ville kanskje vere interessant Ä lese Salam Pax og à sne Seierstad sine dagbÞker frÄ krigen samstundes, og samanlikne deira opplevingar av dei ulike dagane. Seinare, seinare...
Dette er ei novellesamling frÄ "dei norske sÞrstatane" - grensetraktene mot Sverige. Den handlar om lukkestunder og nederlag, ting som varer - og ting som ikkje gjer det. Heile samlinga kretsar rundt nokre bygder i grensetraktene, og er tildels vevd inn i kvarandre, men utan at dei andre novellene vert meir enn tilfeldige hendingar og referansar.
Nokre av historiane er positive og handlar om menneske som kan sjÄ framover, det gÄr bra med dei. Dei fleste har eit mÞrkt bakteppe - og dei aller fleste ender med minst eit daudsfall. Henriksen har sjÞlv sagt at dette ikkje er medvite, men at ei slik "siste krampetrekning" er eit resultat av desperasjonen hovudpersonen i novella ofte fÞler. Som fleire av anmeldarane av bÞkene hans har pÄpeikt, er det befriande med ein debutant som har ein annan setting enn den vanlege overurbaniteten i Oslo-gryta.
Boka er skrive av fortellaren Siggi Jepsen som straffelekse i tyskstil i eit ungdomsfengsel, der han sit etter Ă„ ha blitt dĂžmd for tjuveri av mĂ„leri. Siggi Jepsen meiner sjĂžlv at han, i likskap med sĂ„ mange andre, soner for sin far, politibetjenten i RugbĂŒll. Politibetjenten er den eine av hovudpersonane i fortellinga, og fekk under krigen ordre om Ă„ beslaglegge alle mĂ„leri laga av den lokale kunstnaren Max Ludwig Nansen, den andre hovudpersonen i fortellinga. Oppdraget vart utfĂžrt nitidig og utan kvaler - sjĂžlv om mĂ„laren var hans beste ven frĂ„ barndommen av. Problemet for politibetjenten er at han, i fĂžlge sonen, ikkje klarte stoppe med dette dĂ„ krigen var over, og Siggi mĂ„ difor redde mĂ„leri frĂ„ Ă„ bli Ăžydelagt av politibetjenten.
Boka er skrive og utgjeve nokre Är etter krigen, og er pÄ mange mÄtar eit oppgjer med nazismen og denne ideologiens pÄverknad pÄ einskildmenneska. MÄlaren ynskjer Ä skape noko nytt, medan politibetjenten vil behalde det som det er. Gjennom heile forteljinga kjem dette til syne, bÄde i synet til dei to pÄ det dei mÄ gjere, og i synet pÄ menneska. Siggis foreldre er sÊrs kritiske til andssvakeheimen som er etablert ved landsbyen, og har kritisert mÄlaren Nansen for hans morbide motiv, med mongolske andletstrekk osb., medan mÄlaren heile tida trur pÄ fridomen, gjev ikkje opp sjÞlv om livsverket hans gong pÄ gong vert trÄkka pÄ.
Dette er Bill Brysons reise gjennom USA, eit land han forlot for mange Är sidan, men som han har mange minne frÄ - minne frÄ reiser med familien i barndommen, frÄ filmar og TV-seriar, frÄ historie- og geografitimar pÄ skulen, frÄ historiar han har hÞyrd.
Boka er full av historiar fortald med hans humor og underfundige blikk. Innimellom lÞper fantasien fullstendig lÞpsk, men dette er tilsikta - han tek seg sjÞlvsagt inn att. Det einaste eg sakner, er eit kart over USA i boka, gjerne med reiseruta innteikna. For dei av oss som ikkje har den heilt store oversikta over om Montana eller Nevada ligg i nord, sÞr, aust eller vest hadde dette gjort det meir oversiktleg. Men for all del - direkte forvirrande vert det ikkje, boka fortel om ei reise i kronologisk orden, sÄ det heile er i grunnen noksÄ logisk. Det stÞrste problemet er i grunnen at han fortel sÄ levande om stadene han reiser til, og det gjev meg lyst til Ä dra dit sjÞlv. Diverre vil nok det bli ei like stor skuffelse som Bryson sjÞlv opplevde Ä kome til ein del av barndommens feriemÄl eller draumar.
Dette er oppfÞlgaren til En komikers oppvekst. No har Juha Lindström og klassekameratane byrja pÄ ungdomsskulen. Juha har blitt ein del av gjengen - nesten. Han fÄr iallfall vere med, men det kostar mykje, bÄde materielt og mentalt. Mot slutten av 9. klasse endrer Juha seg - og gir blaffen. EIn hÄrklipp gir han stor sjÞlvtillit, han byrjer la vere Ä bry seg om dei andre og framstÄr etterkvart som ein outsider, samstundes som klassekameratane har respekt for han. SÄ mykjer han sminke seg og ta hol i Þyrene, og heile skulen antar han er homo. Etter ein fest fÄr han juling av ein guttegjeng, og mister sin beste ven Roy, som berre vart stÄande og sjÄ pÄ dÄ dei banka han. Etter dette finn han attende til venninna Jenny, som har vore utanfor gjengen gjennom Ära pÄ ungdomsskulen, mobba av dei andre jentene i klassen og har det ganske forferdeleg med seg sjÞlv.
Dette er ei bok om tidlege tenÄr i ein svensk drabantby, ein oppvekst relativt ulik min eigen ti Är seinare. Som En komikers oppvekst handler ogsÄ denne om Ä vere redd, Ä vere redd for Ä vere utanfor, redd for Ä mislukkast, redd for Ä vere annleis enn dei andre, om Ä gÞyme seg bak ei maske slik at ingen ser kor redd ein er - eller kven ein er. Kanskje handler den ogsÄ om einsemd - om at uansett kor ille du har det, er det alltid nokon som har det verre.
Medeia er eit gresk drama om ei kvinne ved same namn, fyrste gong oppfÞrt i Hellas i 431 f.Kr. Stykket gÄr fÞre seg i Korinth. Medeia vert svikta av mannen sin, Jason, som forlet henne for Ä gifte seg med kongsdattera - han seier sjÞlv det er for Ä oppnÄ tryggleik for seg og borna, men Medeia meiner han berre er ute etter makta. Kongen forviser henne frÄ byen nÄr han finn ut kor mykje ho hatar Jason, men Medeia tek hemn: ho tek livet av kongsdottera, far hennar dÞyr nÄr han rÞrer ved dottera og Medeia drep deretter barna sine. Alt for Ä ta frÄ Jason alt han elskar: vil han ikkje elske henne, skal han heller ikkje fÄ behalde dei han elskar. Jason vert ikkje drepe - han mÄ leve vidare med tapet.
I forordet er Medeia skildra som ei sterk og kompromisslaus kvinne. Eg ser meir pÄ henne som bitter, sÄ tipper det over for henne og ho vil ta ein daudeleg hemn. Eg synes ikkje ho er ei sterk kvinne, det ho gjer fortener ikkje slike positive forteikn. Men det er synd om henne, frÄteken han ho elsker, forvist frÄ byen ho har kome til som flyktning etter Ä ha mÄtta dra frÄ sin eigen familie for Ä vere hos mannen ho gifta seg med. Utan mannen sin er ho ingen - og ho tyr dÄ til drastiske verkemiddel for Ä bli hÞyrd, bli synleg. Det kan trekkast parallellar til vÄr eiga tid, historiar som dette hender ogsÄ i dag: menn og kvinner som fÞler seg svikta og drep sine eigen barn, sin eigen familie, dei dei elskar. Kanskje handler det om Êre, om Ä behalde verdigheiten og verdien sin. Mistar ein den, mistar ein alt - og har ikkje lenger noko Ä tape pÄ Ä gÄ eit steg vidare.
Heinrich Harrer dro til Himalaya i 1939 for Ä bestige Nanga Parbat. Ekspedisjonen misluktes, og Harrer mÄtte snu. Samstundes starta den andre verdskrigen, og Harrer vart saman med ekspedisjonskameraten Peter Aufschneiter teke til fange av engelskmennene og satt i fangeleir i India. Etterkvart klarte dei Ä rÞmme, og la ut pÄ ei farefull ferd gjennom Himalaya i retning Japan. Dei har eit sterkt ynskje om Ä besÞke Tibet, det lukka landet, og etter mykje om og menn og ikkje sÄ reint lite luring av statlege tenestemenn i Tibet klarer dei kome seg til Lhasa. Her fÄr dei opphaldslÞyve, som to av sÊrs fÄ utlendingar. Dei fÄr jobb der og eit mangeÄrig opphald startar. Etterkvart kjem Harrer nÊrt innpÄ mange tibetanarar, deriblant den unge dalai Lama. Som den fyrste utlending fÄr han treffe den unge reinkarnasjonen, og eit langt vennskap starter. Harrer er sannsynlegvis den personen som mÄ fÄ mest Êre for den nÊre omgangen med det vestlege samfunnet som Dalai Lama i dag har. Harrer lÊrte den unge mannen mykje, og vekte - og ikkje minst gav svar pÄ - hans nyfikenheit og kunnskapstÞrst om ting utanfor religionen og Tibet.
Shirin-Gol er berre barnet dÄ ho og familien mÄ rÞmme frÄ landsbyen i Afghanistan til Kabul pÄ grunn av krigen mot Sovjetunionen. I Kabul gÄr ho pÄ skule - dette er eit krav frÄ det sovjetsstÞytta styret for at dei skal fÄ mat og bustad - og lÊrer Ä lese og skrive. Kunnskapshungeren er stor, men ho er jente og fattig og kan ikkje rekne med at draumen om Ä bli lege kan oppfyllast. Etter nokre Är i Kabul vert ho gifta bort til Morad, ein kamerat av broren, av di broren tapte i spel. Ho fÄr halde fram pÄ skulen inntil familien igjen mÄ flykte. Ho fÄr to barn med mannen medan han er soldat. SÄ legg dei atter ut pÄ flukt, denne gong mot Pakistan og Peshawar. I flyktningeleiren er det lite mat, og dÄ Morad vert hardt skada vert Shirin-Gol tvunge til Ä prostituere seg med Morads sjef for Ä fÄ pengar til mat og sjukehusbehandling. Ho fÞder to sÞner i Pakistan, ein med Morads sjef og ein som eit resultat av valdtekt utfÞrt av tre politimenn. Morad drep dei, og det pakistanske politiet tek hemn overfor det afghanske miljÞet. Shirin-Gol og familien mÄ igjen pÄ flukt - denne gongen mot fjella i Afghanistan, der dei slÄr seg til i ein liten landsby med elirhytter. Shirin-Gol vinn respekt der, ho kan mykje om samfunnet utanfor landsbyen, ho kan lese og skrive - og ho redder ei av kvinnene i landsbyen dÄ ho er fÞdselshjelpar under ein vanskeleg fÞdsel. Men lukka er ikkje langvarig - fÞr eit Är er gÄtt mÄ dei igjen flykte, etter at landsbyen er oppdaga av sovjetarane og vert bomba. Dei slÄr seg ned i ein annan landsby, bÄde Shirin-Gol og Morad fÄr jobb, ungane fÄr gÄ pÄ skule, og Shirin-Gol fÄr ei god venninne i den kvinnelege legen i landsbyen. Snart kjem Taliban og erklÊrer at dei har makta i landsbyen. Dette fÄr store konsekvensar - kvinner fÄr ikkje lenger gÄ ute, legen fÄr ikkje praktisere, skulane vert stengd, Talibansoldatane forsÞker truge seg til ekteskap med jentene i landsbyen. Shirin-Gol har ein draum om Ä reise til Iran, der livet er friare, og sparer pengar til det. Etterkvart dreg ho og familien dit, unnteke den eldste dottera som vert gifta bort til ein av (dei meir liberale) Taliban-soldatane. I Iran er livet i byrjinga godt - med jobbar, mat, klede, skule og god betaling. SÄ auker framandfrykten der ogsÄ, og familien legg igjen ut pÄ flukt - denne gong med stÞytte frÄ FN til den andre sida av grensa mot Afghanistan. Etterkvart finn ho att dottera, som er enke etter sitt andre ekteskap med ein brutal Talibansoldat. I ein alder av 27 Är er Shirin-Gol bestemor. I ein flyktningeleir nÊr Pakistan mÞter Shirin-Gol den iransk-tyske journalisten Siba Shakib og fortel si historie til henne.
Historia om Shirin-Gol er ei veldig gripande bok. Shirin-Gol er ei vanvittig sterk kvinne, det er utruleg at ho har klart Ä halde seg og familien oppreist i alle desse Ära, sÊrleg i periodar der ho har vore aleine om Ä gjere dette. Gjenom eit liv nesten konstant pÄ flukt og i fare og redsle beheld ho trua pÄ ei betre framtid for seg, barna - og barnebarna.
Barbara Ehrenreich har jobba for amerikansk minimumslÞn i butikk, som vaskehjelp, pleieassistent og servitÞr. Dette gjorde ho som ledd i eit eksperiment for Ä sjÄ kordan USAs nye underklasse av lÄgtlÞna klarte seg, den stadig aukande delen av menneske som lever under fattigdomsgrensa. Fattigdomsgrensa er i USA fastsett som ein faktor av matutgiftene for ein person, og tek ikkje omsyn til at medan matprisane har hatt ei moderat auke (og lÞnningane har fulgt etter dei fordi minimumslÞna skal fÞlge fattigdomsgrensa) har bustadprisane hatt ei nesten eksplosiv auke. Ikkje minst gjeld dette prisane i den lÄgare enden av marknaden, fordi auka etterspurnad etter slike bustader ikkje har fÞrt til ei tilstavande auke i talet billege bustader. Resultatet er at mange med full jobb - ofte fleire jobbar - deler motellrom med slektningar og vener, fordi motella er nokre av dei fÄ stadene som leiger ut pÄ vekesbasis, og denne leigeforma er den einaste moglege nÄr det ikkje finst pengar Ä spare opp til depositum og forskot pÄ ein kanskje billegare leilegheit pÄ mÄnadsbasis.
Ehrenreich skriv om livet som lÄgtlÞna arbeidar, eit liv som slett ikkje er enkelt, som ikkje gjev rom for nye klede, sunn mat eller eit variert kosthald. Takka vere sparepengane ho hadde med seg har ho rÄd til Ä betale leige inntil ho har tent pengar, og ho kan kjÞpe effektive medisinar mot utslettet ho fÄr av vaskemiddel, hanskar eller noko anna. For mange av kollegene er det annleis. Dei kjenner ikkje noko anna liv - det var slik dei vaks opp, og slik vil barna deira vekse opp.
Gjennom historia om sumaren pÄ farens hytte ved Finnsogen avdekkast hendingar i Tronds liv som pÄvirker det livet han lever i dag. Den eldre mannen Trond har pÄ slutten 90-talet flytta til eit lite hus i skogomrÄda nÊr svenskegrensa. Her vert han kjend med naboen Lars, som viser seg Ä vere guten han treffte sumaren 1948, den skjebnesvangre sumaren full av daud, svik og ting ein 15-Äring ikkje heilt forstod.
Dette er pÄ mange mÄtar ei enkel bok. Petterson skriv rett fram om livet i skogen, bÄde fÞr og no, og beskriv slitet som ligg bak vinterveden, hersjinga, gÄ-pÄ-vilja nÄr utfordringane dukker opp, samhÞrigheiten med dei andre pÄ staden. Samstundes har boka ein djupare botn, der hendingane sumaren 1948 viser ei langt mÞrkare side av hovudpersonens liv, der smÄ hendingar fÄr store konsekvensar for notid og framtid.