Bøker eg las i 2004

Dei ti beste bøkene eg las i 2004

  • Marjane Satrapi: Persepolis
  • Paulo Coelho: Elleve minutter
  • Cynthia Ozick: Sjalet
  • Oscar Hijuelos: Keiserinne av den skjønne Ã¥rstid
  • Kader Abdolah: Spikerskrift
  • Levi Henriksen: Ned ned ned.
  • Charles Bukowski: Nedenom og hjem
  • Jhumpa Lahiri: Navnebroren
  • Toril Brekke: Sara
  • Dubravka Ugresic: Museum for betingelsesløs overgivelse Ialt las eg 84 bøker i 2004.

    2004

    Januar

    Jørgen Andersen-Rosendal: Festlig ferd i Østen (1960) (Orig.: Fyrster og fester i Østen, 1959)

    Boka er skrive av ein dansk journalist som har reist rundt i Østen - India, Kina, Tibet, Siam (Thailand), Egypt, Persia (Iran), Irak, Egypt, marokko. Reisene finn stad i tida etter andre verdskrigen, før mange av omveltingane og revolusjonane som har innsatt dagens regimer og styrarar. Mange av artiklane har ein melankolsk undertone - det er klart at det han skriv om anten er borte no (som livet i India før dei lokale maharajaene mista makta) eller at han veit at det snart vil vere borte - utan at han veit når eller kordan. Som tittelen - ikkje minst den originale danske - antyder, handlar boka mest om dei festlege sidene ved landa han besøker.

    Ein mangel ved boka - som like mykje skuldast mine eigne manglande historiekunnskaper - er at det er lite årstal. Artiklane kjem ikkje alltid i kronologisk rekkjefylgje, og det er litt forvirrande når ein ikkje kjenner til historia i dei aktuelle områda. Men dette er som sgat mi eiga skuld også - eg kunne nok med fordelt utstyrt meg med ei lita verdshistorie og eit skikkeleg kart.

    Marjane Satrapi: Persepolis (2003) (Orig.: Persepolis 1, 2000, og Persepolis 2, 2001)

    A comic about growing up in Iran between 1975 and 1983, when Marjane Satrapi was between 6 and 14. She saw the Shah's regime fall, the triumpåh of the Islamic Revolution and the effects of war with Iraq. Her parents conficted Communists, marjane grows up in a conscious home, a home with beliefs and ideas different from many of their neighbours. The little girl early learns what society expects from her and what she can do at home - and what she can't do outside.

    The story is thrilling and gripping, the drawings beautiful and often telling a whole story in themselves. The only drawback is that it feels quite wrong to use the English word 'comic' about it - after all it's much of a tragedy, even if it's filled with truly comic episodes and stories as well. The Norwegian word (tegneserie, "drawed serie") feels a bit better.

    Chinua Achebe, C. L. Innes (eds.): African Short Stories (1985)

    This is a collection of short stories from 20 African authors. It is divied into four parts - one for each of Africa's parts. I enjoyed the Eastern part of the collection most myself, maybe because it was the one that thematically and culturally is closest to my own world, with England's big influence and a mostly Christian culture.

    One thing that occured to me after reading the book, was the "lack" of pure war stories. The picture many of us have of Africa is a continent of war and violent people, but this collection does not give that representation. The reasons may be many - it could be a conscious choice from the editors not to add more to this picture of Africa, the authors emphasizing on war could not be literarly good enough or it could be that African authors simply prefer not to write about war. And war is mentionned - but not the bloody civil war we often imagine when we hear about war in Africa. War is a reason to move, but it is not touched directly. Violent riots is another issue that is depicted, but neither here is war the most important aspect, as I interprete the short stories. Instead issues like love, work, colonial powers and old traditions (often meeting new) depicted.

    Liza Marklund: Prime Time (2003) (Orig.: Prime Time, 2002)

    Eit TV-selskap avslutter innspelinga av sumarens "kose-serie" med ein heidundrandes fest. Morgonen etter vert seriens programleiar funne skoten i produksjonsbussen. 12 personar var til stades om natta - politiet trur det er ein av dei. Annika Bengtzon er på vakt i Kvällspressen den dagen det skjer og må dekke saka, som skal vise seg å innehalde ei rekke vanskelege element, om makt, kampen om makt, hugen etter makt, kva makt eller mangelen på makt kan gjere med personar og grupper.

    Dette er den fjerde boka om Annika Bengtzon. I tid befinn denne seg mellom Paradiset og Sprengeren. Forhaldet mellom Thomas og Annika er også i denne boka anstrengt - begge synes den andre jobber for mykje og tek for lite omsyn. Men det virker som Thomas er i ferd med å forstå kva han vil med livet sitt, kva rolle Annika skal spele i det - og at ho må få leve sitt eige liv, sjølv om dei har barn og snart er gift.

    "Krim-messig"er dette kanskje den dårlegaste boka om Annika Bengtzon. Det er lite driv, i grunnen få overraskande hendingar (det som skjer er meir av typen "ja, sjølvsagt måtte det vere noko slikt!") og noko banalt om det krimtekniske. Men på det personlege planet synes eg dette er den beste boka så langt. Den kjem nært innpå Annika Bengtzon og folk som står henne nær, og biletet av dei vert langt meir nyansert. Kanskje er dette ei naudsynt bok for å få eit rett bilete av personen Annika Bengtzon, medan den ikkje er fullt så naudsynt for å få eit bilete av "krim-reporter-karriera" hennar (bortsett frå at den heilt klart gjer eit godt sprang framover - dog kanskje meir fordi ho hjerlper redakssjonssjefen enn fordi ho gjer ei stor journalistisk bragd, sjølv om den heller ikkje skal underslås).

    Paulo Coelho: Elleve minutter (2003) (Orig.: Onze Minutos, 2003)

    Romanen handlar om brasilianske Maria, som reiser til Sveits for å bli danserinne. Ho blir snart prostituert i ein bar. Ho klarer halde ei mental avstand til arbeidet, som ho aldri oppplever som kjærleik. Til trass for at ho har vore forelska mange gonger, har ho aldri opplevd den store kjærleiken. Men lidenskap har ho opplevd, og saman med hennar menneskelege evner bidrar dette til at får ho eit godt forhald til mange av kundane, eit forhald der den fysiske lidenskapen skillast frå den ekte kjærleiken.

    Kjærleiken møter ho i målaren Ralf, som ho treff ein dag. Han viser seg å vere kunde i etablissementet Maria jobber i, og kjenner både jobben og spelereglane som gjeld for henne. Ho tillet seg likevel å kjenne meir for han enn det ho burde - ho vert frykteleg forelska og føler sterk kjærleik for han. Ho lærer Ralf å kjenne, og viser han kva kjærleik og ekte lidenskap er - mellom anna i ei sexscene som kniva i toppen av kåringa om årets verste sex-skildring (og eg held med juryen der - det vart litt mykje på den bordkanten!)

    Eg likte denne boka veldig godt. Det er vanskeleg å sette fingeren på akkurat kva som var så bra med den, ser eg i ettertid, men eg satt heile tida med ei kjensle av at eg måtte lese vidare, måtte vite kva som skjedde. Heilt til siste side var det ope - alt kunne på ein måte skje, og alt ville vere like sannsynleg eller usannsynleg, iallfall i denne historia.

    Lars Mæhle (red.): Utskrift. Nye norske noveller (2003)

    Dette er ei novellesamling med nye norske noveller, utgjeve i perioden 1995 til 2003. Forfattarane er alle født etter 1959, og dei fleste av novellene er tidlegare publisert, i andre samlingar, antologiar eller tidsskrift. Eit par av dei hadde eg sjølv lese i novellensamlingar eg har lese tidlegare eller i andre samanhengar.

    Det var mange gode noveller her, mange smakebitar som gav meg lyst til å lese meir av forfattaren. Mellom anna fekk eg eit nytt møte med Levi Henriksen, som eg tidlegare har lese novellesamlinga Feber av og som eg vil forsøke å lese meir av no. Han er verkeleg ein interessant forfattar, med sitt røffe språk og handling.

    Torbjørn Færøvik: India. Stevnemøte med skjebnen. (2001)

    Det fyrste som slo meg då eg las denne skildringa frå ei reise i India, er den enorme mengden faktakunnskap som ligg bak. Forfattaren har gjort svært grundig research, og det ser ut som den er gjort på forhand - ikkje i etterkant etter innspel frå dei han møter undervegs. I tillegg til å sette alle stader han besøker og menneska han treff inn i ein kulturell og historisk samanheng som for ein stor del var ukjend for meg klarer han formidle det han ser så levande at du nesten kjenner røyken frå likbålet eller stanken frå Ganges i nasen. Kjenslene, hatet, kjærleiken, trua, overtrua, sorgen og gleda til dei han snakkar med, observerer og høyrer om er formidla på ein veldig god måte, og dermed vert dette ei reiseskildring som går langt utover den vanlege "romaniserte" dagboka eller den tørre faktaboka.

    Det einaste lille innvendinga eg har mot boka, er at den er lang - 430 tettskrivne sider - men den er på ingen måte tunglest. Om denne boka ikkje gav meg ein spontan trang til å reise til India, så gav den meg iallfall eit innblikk i det indiske samfunnet sett utanfrå, og eg fekk vite mykje eg slett ikkje visste frå før.

    Gard Erik Sandbakken: Septemberkvinnen (1995/1999)

    Oslo-journalisten Rein Røine er på langtidsferie i Røros-traktene. Her bur han langt frå folk og går lange turar i områda rundt, langt borte frå hovudstadens kjas og mas. Då han ein dag finn eit lik i Femunden, vert idyllen fort brote.

    Boka tek i grunnen aldri heilt av. Den har sine høgdepunkt på ein spenningsskala, men riktig nervepirrande vert det aldri, boka er ikkje skrive slik at ein er i tvil om at det går bra, og hinta forfattaren kjem med vert ikkje alltid fulgt opp. Det ville vere naturleg å spele vidare på t.d. faunakriminalitetstråden, og la biologen som tilsynelatande vil stoppe fangsten av fugl vere ein medskuldig, eller la lensmannen vere det (han er ivrig på at Røine skal samarbeide med biologen), og også ei forbindelse mellom Røines ukjende tyske far og dei faunakriminelle kunne vere aktuell. Men kanskje er det nett det at han IKKJE speler på desse trådane som gjorde at han vart antatt av forlaget - mindre banalt enn det kunne blitt?

    Andre har kritisert naturskildringane. Eg synes dei var fine, ikkje for poetiske, men realistiske. For nokon som har lese dei to forrige bøkene om Røine (med handlinga lagt til eit hardt Oslo-miljø), vert det dog kanskje litt keisamt.

    Februar

    Eventyrbiblioteket: Tusen og en natt (2002, omsett frå ei dansk utgåve frå 1895/96)

    Dette er sjølvsagt ikkje heile Tusen og ein natt, men eit utdrag. Eg hadde inga erfaring med desse eventyra frå før, iallfall ikkje som meir enn Donaldbokklubbens "Ali Baba og de 40 røverne" og liknande. Det var interessant å lese, sjølv om delar av omsetjinga bar irriterande preg av slurv frå omsetjaren si side - ikkje i form av dårleg språk (det var stort sett godt), men i form av skrivefeil og artikkelfeil.

    Elles var kvinnesynet forbausande umoderne. Kanskje ikkje så rart, med tanke på at historiane er svært gamle - men likevel litt uventa (eg er nok naiv). Det er også mykje dårleg skjult rasisme, spesielt mot jødar, som alltid vert framstilt negativt - ein person vert beskrive som så uærleg at "han kunne vært skåret ut av en søyle i det jødiske tempelet".

    Min motivasjon for å lese boka var at eg skal lese ei bok som vert beskrive som ein oppfølgar til "Tusen og ei natt", så eg fann ut det var lurt å lese originalhistoria fyrst. I så måte er eg ikkje misnøgd.

    Eva Ensler: Vaginamonologene (1999) (Orig.: The Vagina Monologues, 1998)

    Denne boka handler om vaginaen, det alle kvinner har og veldig få snakker om. Boka er tankevekkande og provoserande. Den handler ikkje berre om sex, som ville vere den naturlege innfallsporten til vaginaen, men like mykje om kordan kvinner sjølv og samfunnet (ikkje) ser på vaginaen og kordan den vert misbrukt - både direkte og fysisk, og meir indirekte og mentalt eller gjennom samfunnets haldningar til den. Boka fortel ein heil del om kvinnas seksualitet og synet på denne - i forordet vert det trekt ein parallell til klitoris, det einaste organet i menneskekroppen som kun har ein nytelsesmessig funksjon. Berre kvinner har klitoris - og vi høyrer lite om den. Tenk kva klitoris ville betydd og kordan den hadde vore omhandla om det var mannen som hadde noko slikt!

    Boka var annleis enn eg hadde sett for meg, men den var svært god, bra skrive og lesslese. "Vaginamonologene" vart så vidt eg veit sett opp i Trondheim for nokre år sidan, og eg angrer no på at eg ikkje fekk med meg dette stykket.

    Ljubisa Rajic: Dagbok fra Beograd (2000)

    Ljubisa Rajic, professor i nordisk filologi ved Universitetet i Beograd, vart våren 1999 spurd av Dagbladet om å skrive dagbok frå livet i beograd forut for NATOs bombing. Dagen etter starta bombinga, ei bombing som skulle vare i 78 dagar.

    Dagboka gjev eit nært og personleg bilete av Rajics liv i denne perioden, med daglege glimt frå familien, venene, fakultetet og dagleglivet i Beograd. I byrjinga er tonen relativt optimistisk - "det går bra", men lenger ut i boka byrjer bitterheiten tydeleg å skinne gjennom. Livet er hardt - det er lite pengar, alle er kontinuerleg redde, ingen veit kor eller når neste bombe vil kome, når flyalarmen vil byrje - eller slutte. Likevel kjem dei seg gjennom det, familien er i live og heimen vart ikkje trefft av bomber. Men framtida er uviss, ingen veit kva den vil bringe.

    Rajic er på ingen måte nøytral - men det forventer eg då heller ikkje av ei dagbok. Eg forventer heller ikkje objektivitet - men det får eg faktisk, til ein viss grad. Han har heile tida sympati med dei undertrykte, han ser utover si eiga verd i Beograd, han ser langt utover det serbiske folket. Han definerer krigen som ein sosial krig, ikkje ein etnisk krig, og meiner det heile er maktelitens skuld - både i utlandet og i Jugoslavia. Folket er uskuldige, og det er forferdeleg at uskuldige må lide. Men makthavarane må ta skulda for dette også - dei kan ikkje kaste skulda over på andre uskuldige (ved å t.d. undertrykke, fordrive eller drepe dei) eller utelukkande på andre makthavarar.

    Naguib Mahfouz: Arabiske netter (1998) (Orig.: Layali alf lela, 1979)

    Denne boka er på mange måtar eit framhald av Tusen og en natt, den spinn vidare på mange av historiane i dette verket samstundes som det er nye historiar. Måten boka er bygd opp på, med mange personar og historiar som vert vevd inn i kvarandre med ei rammeforteljing rundt, minner også om dette storverket. Mahfouz har i tillegg lagt inn eit kritisk blikk på dagens samfunn og kultur.

    Eg må innrømme at det å kome gjennom boka var eit slit. På same måte som med Tusen og en natt hoppa eg over delar av boka, berre for å kome gjennom den... den gamle arabiske forteljartradisjonen er rett og slett så framand for meg, og eg har heller aldri vore særleg begeistra for eventyr (uansett opphav). Det er ein type litteratur som ikkje apellerer til meg, kanskje er det kombinasjonen av tilsynelatande enkle forteljingar for barn og den underliggande moralen forteljaren vil fram til som gjer det.

    Cynthia Ozick: Sjalet (2002) (Orig.: The Shawl, 1980/1983)

    Denne boka består av to historiar: ei novelle og ein miniroman. I novella møter vi den polske kvinna Rosa, niesa Stella og dottera Magda i ein konsentrasjonsleirt i Tyskland. Rosa har lenge klart å skjule dottera Magda med sjalet sitt, men ein dag går den vesle jenta ut av brakka og vert oppdaga og drepen av soldatane medan mora ser på.

    I romanen har det gått tretti år, og Rosa og Stella har busett seg i USA. Rosa vert forsørga av niesa og bur på eit forslitt hotellrom i Miami, medan Stella bur i New York. Rosa har blitt eit forvirra menneske, som får dagane til å gå ved å skrive brev, lange brev - til Stella og til Magda. Ho lever i si eiga verd, sterkt knytt til den daude dottera som i hennar fantasiverd er filosofiprofessor i New York. Spesielt knytta er ho til det gamle sjalet, som Stella med jamne mellomrom let henne ha hos seg - ho bruker det som eit relikvie når ho har det, og niesa let henne ikkje ha det heile tida.

    Ein dag møter ho ein eldre mann i vaskeriet, og ho kjem i snakk med han. Han forsøker kome nær henne - og ho let han kome, motvillig - men likevel villig? Reisa ut har starta, ut frå det innestengde, forvirra, fortvila livet ho lever. På same måte som sjalet redda liv for tretti år sidan, får det henne no til å kome ut av isolasjonen og til å starte det nye livet.

    Bjørnstjerne Bjørnson: Fiskerjenten (1868, 2001)

    Petra er einaste dotter av Fiske-Gunlaug og veks opp i lag med mora i ein kystby på Vestlandet. I løpet av nokre ulukksalege dagar vert ho forlova med tre menn, på rein impuls og utan å vite kva ho gjorde, og utan å vite kordan ho kunne kome ut av det. Etter at mobben i byen raserer hennar og moras hus, flykter ho til Bergen, der ho for fyrste gong er i teateret. Ho vert svært fascinert og vil bli skodespelar. Men etter det fyrste mislukka forsøket på det, der ho finn ut at dei veit kven ho er også i Bergen, reiser ho austover. På vegen kjem ho til ein prestegard der ho vert verande i lang tid. Opphaldet her vert viktig for utviklinga hennar, ho møter litteraturen og utvikler skodespelartalentet sitt. På prestegarden vert også vaksen.

    Petra, og også mora, er ei sjølvstendig kvinne, som går sine eigne vegar. Åleine drar ho til Bergen, åleine reiser ho derfrå, og ho kjem seg framover på eiga hand, sjølv om ho får mykje støytte frå mora og prestefamilien. Mora har sjølv gjort dumme ting i sin ungdom, og har lidd for dette, men Petra har ikkje latt motgangen stoppe seg og gjev til slutt både mora og dei andre støyttespelarane grunn til å vere stolte.

    Mars

    Gudmund Vindland: Villskudd (1979)

    Denne boka handlar om Yngve Vilde og hans kjærleiksliv, frå han som 12-13-åring finn ut at han er homofil, til han omtrent ti år seinare skriv seg ut frå psykiatrisk sjukehus der han har vore behandla for depresjonar og angst og verknadene av mange års dopmisbruk.

    Eg las denne boka for fyrste gong for omtrent ti år sidan, og likte den veldig godt då. Men då eg las den att denne gongen, synes eg den var platt og full av dop. Kjærleiksskildringane var imidlertid framleis veldig gode, sjølv om dei drukna i alt dopet denne gongen.

    Per Holm: Forlis. Roman om færgen Estonia. (1999)

    Forlis tek utgangspunkt i forliset av ferga Estonia i 1994 og spinn ei kriminalhistorie rundt dette. Butikkeigaren Viivi frå Tallinn og hennar svenske kjærest Bo var på veg til Stockholm denne natta, og overlever med naud og neppe. Dei vert redda av ein sjømann på same redningsflåte, men når dei vil takke han, er han forsvunne. Dei byrjer undersøke saka og oppdager at fleire av dei overlevande sjøfolka også har forsvunne. I tillegg er det sprik mellom det dei overlevande har fortald havarikommisjonen og det kommisjonen seier utad, og det vert stadig bestemt nye ting når det gjeld kva som skal skje med Estonia.

    Alt i alt ei grei kriminalhistorie. Den fyrste delen, med dei nevrepirrande timane på Estonia og i sjøen etterpå, var den beste delen - og også den verste, med redselsfulle skildringar av kordan ting (kanskje) skjedde. Del 2 av boka var meir ordinær - ei krimopprulling med mafiose tendensar som det forsåvidt finst ein del av.

    Herbjørg Wassmo: Veien å gå (1984)

    Veien å gå er ei historie om ein familie på tre - mor, far og sonen på 5 - som den siste krigsvinteren 1945 flykter over fjella frå Lødingen til Sverige. Dei flykter frå tyske soldatar som utgjer fare for dei på heimstaden - men møter ein kanskje enno farlegare fare på vegen over fjella: frosten. Temperaturar ned til -30, vind, dårlege klær og lite mat gjer at familien vert merka for livet etter turen.

    Dette er ein dokumentarroman. Wassmo sett søkelyset på kvinnenes og barnas lagnader under den andre verdskrigen, dei uskuldige som måtte lide for det andre gjorde (eller for det andre ville gjere mot dei). Mannen i familien fekk ein medalje - kvinna og barnet fekk ingenting.

    Anna Bache-Wiig: Det aller fineste (2003)

    Dette er ein 80-talsroman. Ein skikkeleg fæl ein. Eg kjende gysningane nedover rygger ved skildringane av Ball-gensre, rosa øyreklips, pastellfargar og dei andre ekle tinga frå tiåret (og som i år ser ut til å vere over oss igjen - grøss!). Skildringa av kordahn det var å vere ung på slutten av 80-talet var til å nikke litt gjenkjennande av - sjølv om mine eigne 80-talsår gjekk langt rolegare for seg (også 90-talsåra på slutten av ungdomsskulen). Grøfting og heime-aleine-festar som gjekk over styr var noko eg las om i avisa - sjølv om trøndske bygdefestar og heimbrent med halve koppar kaffe eller brus kunne vere ille nok.

    Alt i alt er ikkje boka veldig bra. Den trekk ut i langdrag og det virker som forfattaren ikkje heilt har klart bestemme seg for om det var ein oppvekstroman, ein roman om kor sårt det er å vere ung eller ei skildring av 80-talet i Bærum (som er nokså ulikt ditto i ei trønderbygd) som var målet. Kanksje var ein kombinasjon faktisk det ho ville lage, men det vart ikkje heilt vellukka - for springaande, for lite djubde til hovudpersonane, for mange overfladiske biroller, for mykje vekt på det Bærumske sossemiljøet.

    Charles Frazier: Cold Mountain (2004) (Orig.: Cold Mountain, 1997)

    Handlinga i boka er lagt til den amerikanske borgarkrigen, der den skadde soldaten Inman deserterer frå hæren og legg ut på ei reise for å kome tilbake til heimstaden der han forlot kvinna Ada då krigen starta. Annakvart kapitel handlar om opplevingane til Inman og Ada, og vi får sjå tildels kryssande hendingar som er vevne inn i kvarandre utan at dei impliserte veit om det.

    Boka inneheld gode skildringar av landskap og kjensler, men gav meg på ingen måte lyst til å sjå den berømte og påkosta filmen som er basert på boka: eg vil behalde Fraziers bilete sjølv, eg vil ikkje la ein filmregissørs forestillingar om kordan landskapet ser ut eller kva skader Inman har fått øydelegge det biletet EG har skapt meg etter å ha lese denne boka.

    Ragnar Hovland: Ei vinterreise (2001)

    Dette er på mange måtar ei sær bok, om tre menneske som legg ut på ei reise på jakt etter ein familie, ei gamal skulevenninne, det dei har mista. Samstundes kan vi lese dagboka til ein person som vert behandla for kreft, frå kreften vert oppdaga til han er godt inne i behandlinga av den. På eit punkt krysser historiane kanskje kvarandre, men dei følger kvarandre ikkje kronologisk - medan reisa i bilen på Vestlandet varer ei drøy veke eller to, varer dagboka eit halvt år.

    April

    Jonathan Franzen: Korrigeringer (2002) (Orig.: The Corrections, 2001)

    Boka handler om ei mor, Enid, som forsøker å samle dei tre barna sine (Gary, Chip og Denise) heime i St. Jude i jula, saman med henne og mannen Alfred. Men ungane veit så altfor godt at dette vil føre til ei jul full av konfliktar og krangel, der ingen av dei - sjølv ikkje mora, sjølv om ho tviheld på håpet om det motsette - vil like seg.

    Dette ser ut som ei familiesoge, ei skildring av ein familie, historia deira og liva deira slik dei vert levd no - og det er det også. Men det er i tillegg ei historie om noko meir, om det å gjere val i livet, om å tørre å satse, om å følge si eiga vilje, om å kaste seg ut i ting og kome ned med beina fyrst (eller i det minste ikkje med hodet fyrst). Den handlar også om å gje og få, om å vere i stand til å gje og få. Skildringane av familielievt - slik barna ser det - var også gjenkjennbare. Det er lett å elske sin eigen familie, men det er lett å få overdose også...

    Germaine Greer: Den kvindelige eunuk (1991) (Orig.: The Female Eunuch, 1971)

    Denne boka markerte Germaine Greers gjennombrot som feministisk forfattar i 1970. Her gjennomgår ho samfunnets undertrykking av kvinnene, og peiker gong på gong på det ho meiner er patriarkiets feil og skuld. Ho vil sannsynlegvis seie eg er blitt påvirka av patriarkiet og bruke meg som prov på at ho har rett, men eg synes det vart noko hysterisk over det heile. Ho peiker stadig på det som har vore (og som ein historisk gjennomgang av kvinneundertrykking fungerer boka i periodar bra), men klarer i mykje mindre grad å peike framover og på kva kvinner av i dag sjølv kan gjere for å betre situasjonen. Det er eit mannssamfunn å forandre, for all del, men vi kan faktisk ikkje berre sitte og sjå på at mennene ikkje gjer noko for å forandre det - det er naudsynt å reise seg opp og gjere noko sjølv. Ikkje plent noko stort og revolusjonerande, men viss kvar og ein gjer sin lille del for seg sjølv og sin lille del for andre kvinner, kan det faktisk hende at det skjer ei betring.

    Den fyrste delen av boka, som går på kvinnas kropp og sjel, var absolutt den beste, medan den siste delen, som går meir på mentale delar av kampen, synes eg gjekk litt over stokk og stein - den er tildels usamanhengane, i tillegg til at det er spesielt her eg synes klagesangen går for langt.

    Håkan Nesser: Det grovmaskede nettet (2002) (Orig.: Det grovmaskiga nätet, 1993)

    Gymnaslæraren Mitter våkner med tidenes hang-over. Hugsen er dårleg, faktisk utradert, han veit ikkje kor han er, kordan han hamna der eller kva han gjer der. Inntil han går inn på badet (etter å ha dirka opp døra som er låst frå innsida) og finn si eiga kone daud i badekaret. Då veit han kven han er og kor han er - men om det er han som har drepe henne, har han framleis inga aning om.

    Saka virker opplagt, alle tekniske prov peiker i hans retning og han klarer ikkje gje noko tillitvekkande svar på korfor tinga er som dei er. Retten finn saka opplagt - men i politiet er det personar som tviler, og undersøker saka vidare.

    Handlinga er lagt til ein fiktiv by (Maardam) i eit ukjend land, og med stadnamn og eprsonnamn som ikkje peiker eintydig mot eit bestemt område eller land. Somme meiner dette er ein styrke ved boka, sidan det fører til at ein ikkje legg seg opp i uvesentlege detaljar. For meg er det motsett - det irriterer meg at eg ikkje veit kor dette skjer, at eg ikkje kan finne bilete av stadene som vert omtala, at eg ikkje kan sjekke fakta kring den fysiske handlinga. Nett den nøyaktige omtalen av stadene er noko av det eg har likt svært godt med Henning Mankell sine bøker, så det sakna eg då eg las denne boka. Men handlinga i seg sjølv er god og spanande, med ein overraskande slutt, så mangelen på geografiske knaggar er overkomeleg.

    J. K. Rowling: Harry Potter and the Order of the Phoenix (2003)

    The fifth Harry Potter book, one that stayed in my shelf for more than 9 months before I finallyb read it - in about two days. As usual Harry goes through a lot of dangers, with his friends and alone. More from his and his parents' past is relieved, and he gets alot to think about. Things aren't always as they seem to, not as simple and happy as they once looked.

    As I read this book in two days, I obviously liked it :-) It was exciting and easy to read, sometimes the pages were almost flying between my hands. Some of the story is a bit slow, with a lot of unnecessary details, but I guess these stories may be appealing to other groups of readers (children, boys, girls, whatever). Harry Potter is truely a serie for all the family, and then I don't expect to be 100% satisfied with every word I read.

    Simon Travaglia: Bastard Operator from Hell, v 1.0 (2000)

    This is a collection of BOFH stories as they are published on web before. I read them slowly, one or two at a time, and I think I would have fouond the book really boring if I had read it in one strech - many of the stories are monotonous and fixated on high voltage.

    Morten A. Strøksnes: Hellig grunn. Reiseskildring fra Midt-Østen. (1999/2001)

    Dette er historia om ei reise gjennom Israel, palestina, Syria, Libanon og Irak - land i Midt-Austen med ei brokete og blodig historie, men samstundes med ein enormt rik kultur, venlege menneske og mykje å sjå. Morten Strøksnes reiste gjennom området rundt 1999, lenge før 11. september, og dette ber boka preg av. Det er på mange måtar befriande å lese om den nære historia til dette området, utan at det vert skuggelagt av hendingane under og etter denne september-dagen. Det har skjedd relativt få endringar i området (han besøker ikkje Afghanistan, og berre kurdiske område av Irak) sidan han var der, bortsett frå dei som er direkte og indirekte forårsaka av 11. september, og med Strøknes' gode kunnskapar om historie og kultur i området var det ein fryd å lese boka.

    Han skriv levande, med fine skifte mellom historie, skildring av det han sjølv ser og intervju med folk han møter - både tilfeldige møter på stadene han besøker, og avtalte intervju med meir eller mindre høgtståande personar i politikk, samfunnsliv og organisasjonar - både najonale og norske. Han er ikkje objektiv, det er tydeleg at hans sympati ligg hos dei undertrykte gruppene, men han er samstundes ikkje einsidig på deira side, men ser også dei negative sidene ved t.d. dei palestinske organisasjonane og ved den kurdiske frigjeringsrørsla.

    Mai

    Peter Fleming: PÃ¥ eventyr i Brasil (1949) (Orig.: Brazilian Adventure, 1933)

    Dette er sannsynlegvis det fyrste av Peter Flemings mange oppdagingsreiser - eller skal vi kanskje seie eventyrreiser, for akkurat denne reisa ber meir preg av å vere eit eventyr enn ein seriøs oppdagingsekspedisjon. Planlegging, mål og gjennomføring er berre sånn halvvegs - mykje gjerast frå trygge klubbar for gutar med solid utdanning i London, "føraren" i Brasil viser seg å vere svikefull og for halve troppen er jakt (i form av "sitt i båten på elva og skyt dyra på land før vi drar vidare") den viktigaste grunnen til å dra. Men for Peter Fleming sjølv, og for kameraten Roger frå kostskuletida (Eton, må vite - ta med slips!), er eventyret og oppdaginga det viktige - ikkje minst å finne levningane etter den forsvunne general Fawcett, som forsvann under ein ekspedisjon i det indre av Brasil nokre år tidlegare.

    Ekspedisjonen møter på mange problem og utfordringar. Ville dyr og farlege stammar er dei minste - det er stort sett sivilisasjonen som fører til problem. Eit opprøyr startar i Brasil få dagar etter ankomsten, ekspedisjonsleiaren forseinker dei, dei får ikkje dra dit dei vil, ekspedisjonen vert splitta, vestleg utstyr (nystroke kakidressar, tunge våpen, tepper og klokekar) er tungt å bære, dei har lite pengar, båtføraren samarbeider lite osv. Dessutan er det stort sett lite vatn og mat - det er ei myte at jungelen er stappfull av spiselege røter, frukt og bær, så alt må fraktast med eller skytast på staden.

    Boka fortel ikkje om ein eventyrleg ekspedisjon, med store ord om store menn. Men ekspedisjonen var nok stor for dei som tok del i den, og boka er godt og morosamt skrive, og skildrar mange interessante og artige episodar og hendingar. Fleming er også sjølv klar over ekspedisjonens "utilstrekkelegheit" og let seg ikkje friste til å overdrive det han ser. Han er heller ikkje frista til å vere FOR utanforståande i sine skildringar av t.d. indianarane dei møter - dei vert ikkje framstilt som dei primitive folkeslaga mange på denne tida hadde ein tendens til å skildre. Samstundes har boka ein svært vestleg vinkel - det er ofte "vi" og "dei", og når han t.d. skriv om kor mange som går i båtane er det "det er plass til to i båten" og "de to ro-karene sitter foran, mens rormannen sitter bak". Alt i alt er interessant og morosam bok.

    Pablo Neruda: Den store sangen (1991/2002) (Orig.: Canto General, 1950)

    Dette er ei sterkt forkorta og redigert utgåve av det store dikteposet Neruda gav ut i 1950. Om det er eit godt utval, kan eg ikkje uttale meg - eg har ikkje lese originalen eller ei fullstendig norsk omsetjing - men eg synes dette var storslagen dikting. For det fyrste ER det storslagent - med ord som set den norske nasjonalismen i skuggen. Neruda skildrar den latin-amerikanske kontinentet med stor innleving og kunnskap, og på ein måte som gjer at ein ser dei gråtande barna og dei lidande slavearbeidarane for seg.

    Alan Powers: Living With Books (1999)

    This is a book full of fantastic pictures of books - mostly in the setting of shelves, but in lots of different styles and rooms. It's full of ideas for how to furniture a house with books, and how to get the most out of both your house and your books. Really a lot of ideas for someone who definitely need a library or at least more shelves than now!

    Maybe not a very practical book, since many of the pictures are from pretty exclusive or special (designed) rooms and houses, but with all the ideas, it should be possible to use some of them for your own solutions as well. Or in my case: our solutions.

    Ludvig Holberg: Komedier (1731/2001)

    Holbergs Komedier inneheld tre av dei mest kjende komediane hans: Jeppe på Bjerget, Den Politiske Kandestøber og Erasmus Montanus. Utover at det var interessant å lese "barnelærdommen" (eg må innrømme at det var fyrste gong eg las heile stykka, sjølv om enkelte scenar og sogar akter har vore pensum oppgjennom åra) er ikkje dette det beste eg har lese. Det er kanskje mest fordi det gjer seg best på scene, og også fordi eg ikkje har nok kunnskap om Holbergs tid til å sjå kva som er overdrivingar eller omskrivingar og kva som er daglegliv på 1700-talet. Og så er mine latinkunnskapar litt avgrensa...

    John Grisham: Skipping Christmas

    This book is about a couple in middle-class USA who decides to skip Christmas. Their daughter have gone to Peru and there will just be the two of them - so why bother and spend thousands of dollars on it? They decide to go for a cruise in the Caribbean in stead. What they haven't counted on, are the neighbours - their expectations for Christmas in the neighboyurhood, what decorations they should use and how they should behave, and the firemen, policemen and the scouts who sells calendars and fruit cakes, and reactions among friends and colleagues.

    I liked this book, and finished it pretty fast. Maybe it should have been read before Christmas in stead, on the other hand it might have been inspiring :-)

    Laurel Cardone: How to Pack. Experts share their secrets.

    How to fold or roll og wrinkle your clothes, or how to fit them into a family sized jumbo suitcase or a small carry-on bag - that's some of the issues this book deals with. It's a good book, it takes you from a to z of getting a suitcase, checking it, packing it before you leave and before you go home, and how to unpack it. Those parts are pretty extensive. The packing lists themselves are disappointlingly short, however. They are just listings of what should be brought and depend on explanantions in the earlier chapters to understand exactly why this item is good or how many you should bring. Of course it's impossible for a person who doesn't know you to predict, but some advise should be given - if just only to give an impression of how much space this will take up in the luggage and for how long travels you should plan to use or not to use local laundry service.

    Fredrik Wisløff: Afrika på flyvisitt (1948)

    Dette er ei reiseskildring av forfattarens reise i Aust-Afrika i 1947/48. Han reiser med fly i tre dagar (fyrst til København, så til Roma, der han overnatter, så til Aten og Lydda (Palestina), så via Wadi Haifa til Khartoum, med overnatting, og til sist til Nairobi - det svartaste Afrika, med massar av negre - nokre av dei så heldige at dei er blitt kristne! Boka er gjeve ut av Lutherstiftelsen, og har unekteleg eit kristeleg preg, men den er fornøyeleg og nokså lærerik. Forfattaren har sine fordommar om lokalbefolkninga, og synes desse stemmer bra - sjølv om det kanksje er like mykje ei tilpassing av oppførsel og fordommar som gjer det. Han let seg sjokkere av andres rasistiske haldningar - men vert gledeleg overraska over at "to menn" som kjem inn på bussen snakker med "negrene" - dei må vere kristne. Eg måtte lese avsnittet eit par gonger før det gjekk opp for meg at "to menn" naturlegvis var to kvite menn - ikkje iet par tilfeldige eksemplar av lokalbefolkninga...

    Ei interessant bok, ikkje minst som studie av reiseskildringsspråk og -haldningar for nesten seksti år sidan...

    Barbara Bickmore: Øst for solen (1990) (Orig.: East of the Sun, 1988)

    Denne boka har eg lese maaange gonger..,. av ukjende grunnar fekk eg den av mora mi for nokre år sidan, ho hadde kanskje lese den sjølv og ville bli kvitt den, kva veit vel eg. Det er iallfall ein ganske tradisjonell dameroman av den eksotiske og spanande typen, men med sin dose erotikk, samliv, brot, farar, barn og familie. Liliane har reist frå USA til Afrika (dvs. Belgisk Congo) for å jobbe som sjukepleiar ved eit misjonssjukehus, og planen var å bli der eit par år. I staden vart ho der i mange år, og opphaldet preger henne og etterkomarane hennar resten av livet.

    Boka er godt skrive, og er spanande og lesverdig, sjølv om den litterære kvaliteten kanskje ikkje er den heilt store - mengda klisjear er relativt stor. Eg har lese den fleire gonger før - for meg er den er ei trygg og god bok når eg treng noko enkelt lesestoff, for stunder der eg er sliten og vil ha noko forutsigbart (dei to andre bøkene for slike stunder er dei to fyrste Isfolket-bøkene av Margit Sandemo - forøvrig dei einaste bøkene eg har i denne serien).

    Jan Guillou: Røde Hane

    Dette er den fyrste boka i serien om Carl Gustavf Gilbert Hamilton, med hans fyrste opplevingar som "agent" i svensk teneste. Bakgrunnen for boka er drapet på ein svensk høgståande sikkerheitstenestemann. Det er usikker kor trådane går hen, leiinga har tydeleg interesse av å la dei gå i ein bestemt retning, men hamilton og eit par andre etterforskarar (av den meir "konvensjonelle" sorten) følger sine trådar og klarer via omvegar i Oslo, Beirut, Israel og Iran å nøste opp saka.

    Eg liker Hamilton, han er Helten(tm) over alle heltane i spanings- og krimbøkene eg pleier lese. Denne fyrste boka er ikkje min favoritt, han er enno ikkje fullt utlært og innkorporert i sikkerheitstenesta opg det vert for mykje dveling rundt det, men det er likevel ei god bok. (Dette er ikkje fyrste gong eg les denne boka.)

    Rise Grønoset: Øyer i solen (1973)

    Øyer i solen inneheld skildringar frå seks øyer i og rundt Middelhavet: Rhodos, Sicilia, Capri, Sardinia, Ibiza og Tenerife. I boka vert dei framstilt som uskuldsreine plettar, så langt frå alt anna, frå alt det vonde og fæle og triste (viss vi ser bort frå litt fattigdom og slikt), så beskytta, dit nye trendar kjem litt seinare, der folk lever som dei alltid har gjort - kort sagt, idyllisk. Kun i korte glimt fortel forfattaren om negative sider ved øyene - fråflytting, sentralisering, modernisering, mindre pittoreske sider ved fattigdomen.

    Men det er ei kosleg bok, med glimt frå livet på øyene slik det var på tidleg 70-tal, før masseturismen tok over og Ibiza gjekk frå å vere "den glemte øy" til å bli ungdommens festparadis. At idyllen innimellom kanskje tar litt av og dei maleriske skildingane vert litt vel overdirvne er i grunnen berre kosleg - det er jo lov å drøyme.

    Oscar Hijuelos: Keiserinne av den skjønne årstid (2000) (Orig.: Empress of the Splendid Season, 1999)

    I denne boka møter vi hushjelpa Lydia España, kubansk hushjelp i New York, frå hennar aller fyrste møte med livet som hushjelp hos folk som er rikare enn henne, til ho omlag førti år seinare bestemmer seg for å bli pensjonist. Ho kjempar for å få pengane til å strekke til, særleg i åra der ektemannen Raul ikkje kunne jobbe på grunn av hjarteproblem, ho kjempar for å oppdra baran til å bli gode samfunnsborgarar og til å få dei til å hugse og akte sin kubanske bakgrunn og ikkje minst kjempar ho for å behandle stoltheiten som hushjelp og som menneske. Boka inneheld ei rekke episodar frå livet hennar, både privat og på jobb, triste og morosame, hyggelege og mindre hyggelege, frå hennar og andres perspektiv.

    Eg likte denne boka svært godt, og den aspirerer heilt klart til å bli med på topp-ti-lista mi for 2004. Forfattaren skriv lett og ledig, med akkurat dei rette detaljane og utan dei irrierande utelatingane av små eller store ting som så mange andre gjer, som gjer at ein vert sittande og irritere seg over det.

    Hart Seely (ed.): Pieces of Intelligence. The Existential Poetry of Donald H. Rumsfeld (2003)

    This book is said to contain quotes from USA's Secretary of Defence Danald H. Rumsfeld, made into poetry by the editor Hart Seely. If the poems are in deed quotes from Runsfeld, they are really good - and he has managed to phrase his sayings in a very poetic way! Some of his sayings are better than whatever George Dubja has managed to get out of his mouth.

    Ã…ke Edwardson: Sol og skygge (2004) (Orig. Sol och skugga, 1999)

    Erik Winter er hovudpersonen i denne krimromanen. Han er i ferd med å flytte saman med kjæresten Angela, som han venter barn med. Hans far vert plutseleg alvorleg sjuk på den spanske solkysten, og Winter reiser ned dit for fyrste gong, i tide til å prate med faren før han døyr. Like etter at han er tilbake i Göteborg, vert eit par funne drepe på ein bestialsk måte i ein leilehiet i same kompleks som Winter bur i. Ei rekke hendingar får Winter til å forstå at han er ein del av dette, på ein måte han sjølv ikkje skjønner.

    Dette var den fyrste boka eg las av Åke Edwardson og om Erik Winter, og sjølv om eg nok burde ha starta med den fyrste boka i serien, var det eit positivt møte. Moderne svensk krim har lenge vore noko eg har likt, saman med ditto frå Noreg. Det er kanskje noko med nærleiken til min eigen kultur, samstundes som det er dei små detaljane som gjer det eksotisk, detaljar som forfattaraen fortel om på ein kvardagsleg måte - sidan det er ein naturleg del av deira kvardag - men som for meg er fascinerande småting som skil mitt eige land frå nabolanda, ein del av den kulturelle nykelen som gjer at vi straks kan skille ein nordmann frå ein svenske.

    Dawna Walter and Mark Franks: The Life Laundry: How To De-Junk Your Life (2002)

    This was actually a decent book on dejunking your life. It showed manageable steps, and very little of the "if you clean the blinds once a month. you'll save time". Another good thing is that it doesn't assume the woman of the family to do everything - everything is "you" and "you" can be a mother, father, child, parent, single, widow, whatever. There are specific tips for different life situations, but not tips for "you" on "how to make your husband do more" and so on.

    Besides that I didn't really learn much from the book, even though it gave me some inspiration. Most of the content was old to me, but I am pretty sure a person who has read fewer books on decluttering and dejunking your life may have more benefit from it.

    Juni

    Frys. Vellykket nedfrysing av herr Moro (2001/2003) (Orig.: Lyckad nedfrysning av herr Moro.)

    Dette er ein svensk antologi med stykker frå verdslitteraturen og fotografi frå omtrent dei siste hubndre åra. Det er mange gfode og fascinerande stykke og bilete her, deriblant ein god del som gjorde eit sterkt inntrykk, men elles er det vanskeleg å seie særleg mykje om boka. Det er ein antologi utan eit klart gjennomgåande tema, og dermed er det ikkje så lett å seie så mykje meir om innhaldet og samanhengane i den.

    Kader Abdolah: Spikerskrift (2002) (Orig.: Spijkerschrift, 2000)

    Boka handler om forhaldet mellom den døv-stumme faren Aqa Akbar og sonen Ismail i Iran. Historia vert fortald av sonen, etter at han har fått og forsøker tolke farens gamle kileskriftdagbok med historia hans i. Den går gjennom mange år i Iran, frå den gongen det var eit primitivt land under britisk herrdømme, så kom jernbanen og endra mykje, så kom revolusjonen. Faren veks opp i eit samfunn med høg grad av analfabetisme, og lærer sjølv aldri å skrive anna enn den mystiske kileskrifta, som han har lært frå dei gamle steintavlene i fjellet nær landsbyen. Sonen og søskena får gå på skule og universitet, noko som fører dei inn i store farar og tragediar.

    Dette er ei av dei aller beste bøkene eg har lese. Det er vanskeleg å peike på akkurat kva som gejr den så bra, men den er godt skrive, veldig levande og vileta av landsbyen og byen i Iran er så klare og likevel så vage. Forfattaren er iranar og bur i eksil i Nederland. Boka er for ein stor del basert på hans eige liv, men eg er usikker på om det er ein sjølvbiografi. Uansett er det ei sæs god bok som eg håper fleire vil lese. Diverre er den ikkje omsett til engelsk (enno).

    Mian Lodalen: Smuleklubbens skamløse søstre (2004) (Orig.:Smulklubbens skamlöse systrar, 2003)

    My er fattig freelancer på jakt etter Den Store Kjærleiken. I manglene på den tyr ho til sex med gifte kvinner. Livet er fullt av umoglege situasjonar, og venene Hedda og Mackan i Smuleklubben må trå til i dei mest umoglege og daglegdagse situasjonar og samantreff.

    Boka er skrive i dagbokform og er tildels omtalt som ei svensk Bridget Jones. Forma og livet til fortellaren kan til tider minne sterkt om bridget Jones, så samanlikninga er kanskje ikkje så dum. Gjennom fyrste del av boka var eg glad eg ikkje hadde kjøpt den (eg lånte den på biblioteket), ettersom den ikkje nådde dei heilt store høgdene. Heldigvis tok den seg opp, og dei siste dagane av den er veldig bra - saman med ein del episodar frå tidlegare i den. Sjølv om My er uheldig med kjærleiken, går det aldri så langt at det virker håplaust - eg kan synes synd på henne, men pinleg vert det ikkje (eit problem eg særleg har med britisk humor, spesielt "Mr. Bean", men også Bridget Jones hadde tendensar til å verke pinleg for meg).

    Ahmadou Kourouma: Allah skylder ingen noe (2002) (Orig.: Allah n'est pas obligé, 2000)

    Barnesoldaten Birahima fortel om sine opplevingar i borgarkrigar i Elfenbenskysten og Liberia, der han kjem seg fram som barnesoldat medan han leiter etter tanta, som er på flukt og på reise frå krigane.

    Boka har ein svært munnleg stil, der Birahima fortel på ikkje spesielt finslepe språk om sine opplevingar. Han henvender seg til lesarar frå mange klassar og kulturar, og han bruker difor ordforklaringar frå fire ulike ordbøker. Innimellom er det relativt enkle og daglegdagse ord som vert forklart, og den kalde, objektive ordforklaringa står ofte i kontrast til ein tekst som fortel om alvorlege hendingar.

    Levi Henriksen: Ned ned ned. Fortellinger. (2003)

    Alle fortellingane, eller novellene, i denne boka går føre seg i bygda Skogli ved Kongsvinger. Personane varierer, men den ytre ramma og dermed også delar av ersongalleriet (som lensmann Markus Grude) er den same. Fortellingane er ulike og samstundes like, dei handler om mennesker med sine problem, sine tankar og kjensler. Kjærleiken står sentralt, både før og etter dauden, mellom kvinne og mann, mellom menn og mellom menneske og dyr.

    Eg synes denne samlinga er lysare i tonen enn den forrige, Feber. Den hadde ei mykje meir melankolsk og til tider trist og tungsinna stemning, medan denne er som sagt lysare og med meir glede, sjølv om både utgangen og handlinga forøvrig kan vere fatal og trist.

    Juli

    Martin Fletcher: Silver Linings (2000)

    Silver Linings contains travel stories from Fletcher's time as Times' correspondend in Northern Ireland. It mostly contains reports from around NI, with lots of historic and current information. Sometimes one can wonder why he bothered going there - he obviously knew most of the facts from his excyclopaedia or internet anyway. Most of the stories he tells have "The Troubles" as back cloth, as this is a pretty essensial part of recent NI history, and he managed to personalize and individualize what happened then, without bias to any side, as far as I could understand.

    Rune Belsvik: Tre fortellinger fra Sørlandet (2002)

    Dette heftet vart kjøpt på sal i ein bokhandel i Arendal. Eigentleg er det eit pedagogisk hefte for skulebruk og liknande, det inneheld tre forteljingar frå Sørlandet for omlag 100 år sidan, med passande oppgåver til. Forteljingane var interessante, om barnevandingane, utvandinga til Amerika og skipsfarta. For meg var særleg barnevandingane interessante, då eg aldri hadde høyrd om dei før.

    Hanah al-Shaykh: Bare i London (2002) (Orig.: Only in London, 2001)

    Fire menneske med band til den arabiske verda møtast under ei turbulent landing med fly i London. Lagnadane deira vert fletta saman. Boka fortel om Amira, den luksusprostiturerte som vert prinsesse. Om den libanesiske familiefaren Shamir - som liker menn. Om Nicholaus, ungkar i antikvitetsbransjen, og Lamis, skild åleinemor frå Irak og Libanon. Om deira kamp for å finne sin eigen identitet, kampen for å bli akseptert av sine eigne og dei andre, kampen for å finne sin eigen veg.

    Jane Austen: Stolthet og fordom (2003) (Orig.: Pride and Prejudice, 1813)

    Elizabeth, systera Jane og dei tre andre systrene har eitt mål i livet: å bli gift. Dette er det viktigaste som kan skje dei, det dei ser fram mot og lever for. Fort familien er giftermåla òg viktig - dei har ikkje råd til skikkeleg medgift for alle døtrene, og er avhengig av at nokon vil ha dei lell. Dessutan går ikkje garden i arv til nokre av jentene, så den økonomiske tryggleiken er liten - kva vil skje med mora og eventuelle ugifte døtre når faren døyr?

    Dette er vel den klassiske engelske klasseromanen, frå nedre del av overklassen, om dei som får vere med blant dei verkeleg fine, men som likevel ikkje er fine nok, og som det vert ledd litt av i krokane - særleg når dei forsøker prale med meir enn dei har, eller når det ser ut til å gå verkeleg gale med ei av jentene - som rømmer med ein offiser. Romanen er relativt problemfri og sorglaus, bortsett frå på det sjelelege planet. Romanfigurane har stort sett det dei treng, materiell velstand har bragt dei langt nok opp i Maslows behovshierarki til at dei kan konsentrere seg om seg sjølv. Boka inneheld ei rekke sterke kvinneskikkelser, med omsorg for sine medmenneske, med bein i nesa og skikkeleg ryggrad.

    Robert Frostad og Magnus Thomsen: Dot-Konk. Historien om det kommersielle internett i Norge (2001)

    Boka fortel om framveksten av den kommersielle delen av det norske internettet frå 1990-talet til mai 2001. Den gjev eit bra historisk overblikk, så vidt eg kan sjå, sjølv om den til tider kanskje legg litt vel stor vekt på det negative som skjedde. I tillegg er der lite fokus på framtida og ikkje minst på dei selskapa som gjekk bra og klarte seg over kneikene.

    Jan Guillou: Heksenes forsvarere (2002) (Orig.: Häxornas försvarare. Ett historisk reportage, 2002)

    Boka er ein dokumentar om hekseprosessane i Sverige og det øvrige Europa på 1600-talet, skrive i reportasjeform. Den inneheld mykje fakta og gode fortellingar, skrive ut frå fakta forskarar på denne tida har funne. Talet hekser som vart henretta er skremmande høgt, men samsttu ndes var det fascinerande å sjå kor stor tyding hekseprosessane fekk i ettertidas historiebøker, samanlikna med kor lite viktig dei var for dei som skapte historien på den tida. I byane var det lite hekseforfylgjingar, og blant overklassen og dei kongelege var dei så godt som ikkje-eksisterande og ukjende.

    Guillou vert tydeleg svært engasjert i stoffet han skriv om og har til tider problem med forskarar og journalistar som er usamde med han. Andre enn hans eigne hypoteser vert ofte latterleggjort. Kapitla som tek for seg dei moderne hekseprosessane er dei svakaste. Stoffet er kanskje for nært i tid, iallfall virker det som den kritiske distansen er mindre og han vert ekstremt kritisk. Kapitla ber preg av å ha vore skrive uavhengig av kvarandre, kanskje som sjølvstendige avisartiklar, det er mange gjentakingar av hendingar, årstal og personar, og dette trekk det elles gode inntrykket av boka noko ned.

    Ola Bauer: Hestehodetåken (1992/2002)

    I denne oppvekstromanen møter vi Tom frå Oslo når han er 10-11 år gamal. Han bur i eit hus på Oslos vestkant saman med mora si. Boka fortel om hans fyrste kjærleik, hushjelpa Helga, og hans forhald til henne og til moras menn Munken og Bobbie. Toms bakgrunn er broket, med ein far som var stripete og vart drepen av ein motstandsmann som seinare vart moras kjæreste. Motstandsmannen vart torturert, men vart redda frå daudsstraff av Toms mor via kommandant Fehmer. For sitt samarbeid med tyskarane vart mora snauklippa av norske patriotar etter krigen, og har etter det alltid håret oppsett i ein knute. Mora og Tom lever godt på farens pølsefabrikk, som går godt sjølv etter krigen.

    Ola Bauer: Svartefot (1995/2002)

    Tom - eller Tommy - er no blitt 16 år, og er tilbake i Oslo etter fem år på ein internatskule for vanskelege barn. Han byrjer i 1. gym på Oslo Katedralskule, får nye vener og byrjer tilsynelatande eit nytt og godt liv. På skulen går det sånn middels, bortsett frå i norsk, der karakterande er middels, men norsklæraren har "oppdaga" Tom som forfattar etter at Tom har levert inn nokre av Hemingways arbeide som sine eigne. Norsklektoren kjenner ikkje Hemingway og let seg lure.

    Boka handler om venskap, om ting og personar som endrer seg, om kva som betyr noko og når ein kan og skal og bør stikke frå det heile.

    Ola Bauer: Magenta (1997/2002)

    Tom har vore fire år til sjøs, men går i land og ender opp i Paris, der han vert lakenskiftar på eit bordell i Boulevard de Magenta. Eigentleg er han halliklærling, men det skjer ting som gjer at han aldri vil kunne ta over bordellet. Han møter att norsklæraren frå gymnaset, gamle Flågvitet, og ender opp med ein bunke kladdebøker frå den tilsynelatande sinnsforvirra mannen.

    Ola Bauer: Forløperen (1999/2002)

    Tom er tilbake i Noreg etter 40 år utanlands i ulike delar av verda. På sandalar av bildekk kjem han gåande frå Finland. Han ender opp i Oslo og fristar tilværet på hospits der. Omsider finn han seg jobb som avisbod og kan tene sine eigne pengar. Etter ein fest kjem Flågvitets kladdebøker, som Tom har teke vare på gjennom 40 år, på avveie. Tom har aldri lese i dei, han berre veit det er skrive i dei. Ein litteraturstudent les dei og Tom vert "oppdaga" av eit forlag. Han vil ikkje ljuge, slik han gjorde for nesten 45 år sidan, og insisterer på å ikkje ha skrive dei sjølv, men vert ikkje trudd. Til slutt går forlaget med på å utgje dei under Flågvitets namn, og ringen er på ein måte slutta.

    Aage Krarup Nielsen: Blant hodejegere i Ecuador (1948) (Orig.: Blandt Hovedjægere i Ecuador, 1934)

    Dette er ei dansk reiseskildring, skrive tidleg på 30-talet. Forfattaren sitt på ein veranda i Panama og keiar seg då ei amerikansk dame kjem forbi og får han betatt av Ecuador. Han reiser dit, mot Ecuadors regnskog, la Selva eller Amazonas, i aust. Med seg har han ein annan danske, som kjenner kart og terreng, og ikkje minst dei blodtørstige hovudjegarane. Indianarane viser seg dog å vere relativt fredsommelege, bortsett frå mot sine fineder - dei driv framleis med hovudkrymping, og den oppdagelsesreisande får nøye skildra kordan denne kunsten går føre seg. Dei får òg oppleve festar av ymse slag, tradisjonar og ritualer, samt tunge, strabasiøse turar på elva og gjennom jungelen.

    Heile boka er skrive i ein nokså "overlegen" stil, typisk for tidsepoken. Dei har respekt for indianarane, men den er ikkje stor - det er tydeleg og klart kven som er best, kan best og i det store og det heile bestemmer, og indianarane vert ofte framstilt som primitive og enkle urfolk i jungelen, og dei oppdagelsesreisande vert ofte overraska over kor dyktige dei er med meir tekniske innretningar.

    Per Petterson: Aske i munnen, sand i skoa (1987/1997)

    I denne novellesamlinga er Arvid, seks år, hovudpersonen. Det er tildels klassiske noveller, med ein overraskande slutt, slik vi lærte på ungdomsskulen at det "skulle" vere. Faren jobber på skofabrikk og mora er dansk, og systera Gry er nokre år eldre. Mange av novellene er alvorlege, men sett frå Arvids vinkel vert det gjerne temmeleg mororsamt, og med ein litt annan forståingsvinkel enn ein vaksen ville hatt. Aske i munnen, sand i skoa var Per Pettersons debutbok.

    Per Petterson: Ekkoland (1989/1997)

    Dette er den andre novellesamlinga om Arvid. Han er no blitt 12 år og familien er på ferie i Danmark, der mora er frå. Novellene denne gong handlar meir om konfliktar mellom dei vaksne, og kordan Arvid ser, forstår og reagerer på dei. Også desse novellene har sin del humoristiske hendingar og replikkar, sjølv om eg synes det var fleire såre punkt her.

    Charles Bukowski: Nedenom og hjem (1992/2004) (Orig.: Ham on Rye, 1982)

    Dette er ein sjølvbiografisk roman, om Henry Chinanski og hans oppvekst i eit lågare middelklassemiljø. Romanen går føre seg på 20- og 30-talet, med Depresjonen som bakteppe, og skildrer kva følger den kunne få for familiar, sjølvkjensle og respekten for andre menneske. Henry veks opp i eit fattig strok, men skal helst ikkje leike eller vere saman med ungane i gata - dei er fattigare enn hans eigen familie, han skal helst vere saman med dei rike. Difor vert han sendt til ein hugh school lenger borte, med rike elevar. Sjølvsagt fell han heilt utanfoir, men sidan han har følt seg utanfor heile livet, gjer det ikkje så mykje.

    Eg smuglas i denne boka i ein bokhandel før sumarferien. Av ein eller annan grunn kjøpte eg ikkje boka, men eg angra på det etterpå og då eg i ein annan bokhandel såg bøker med likt design etter sumarferien, fann eg ut eg skulle forsøke finne den. Ikkje så lett når både forfattar og tittel mangla - alt eg hadde var designet (ny pocket frå Tiden) og at det var ein oppvekstroman. Dessutan hadde kapitelet eg las handla om dei forferdelege kviseplagane hovudpersonen hadde. Heldigvis møtte eg på ein dyktg og belest bokhandlar, som etter litt leiting klarte å finne rett bok til meg - og sendte meg til nabofilialen, som hadde den i hylla. Kapitelet eg hadde lese var ikkje veldig viktig for handlinga - sjølv om kviseproblema til Henry definitivt er viktig for handlinga, var det ikkje berre det den handla om - men språket, som var det eg beit meg merke i fyrst, var slik gjennom heile boka. Eg er ikkje sikker på kva det var - men noko var det.

    Dan Brown: Angels and Demons (2003)

    I started reading this book "by accident" - I went fishing with my husband, and he had brought it to read while I fished. But we swapped - he took the rod, I took the book, and suddenly I was completely sucked into it! Luckily I had a day off, so I spent it home reading, and it was hard to put it down for dinner.

    It takes part in Switzerland and Rome - all in less than one day. At high speed the main characters Robert Langdon and Vittoria Vetra are brought from USA to Switzerland to Rome, and within the ancient city.

    Angels and Demons is an incredible crime novel. From the first chapter, where our Hero is awakened from sleep in USA, to the last one, the book reviels new questions, new mysteries, new solutions, new surprises and chocks. It is really an intriguing book with a lot of strange patterns - both through the book and through Rome. The biggest drawback is that there is a lot of religion in it.

    Some people (especially Catholics, I think) will say it's close to blashemy, while others will say it's a Christian book :-) The author puts quite a lot of emphasis on religion, and even though he is explaining religion through physics (the creation of anti-matter), he is also explaining anti-matter through religion and claims it's the proof of God. A lot of what happens also is of religious character - and I am not only talking about the setting, around a Conclave (election of a new Pope) in the Vatican, which itself ensures a good portion of religion, but also what some of the characters think and act. Sometimes it was a bit too much and it felt like I was reading a bok from a missionary trip, but in general it was ok.

    Jhumpa Lahiri: Navnebroren (2004) (Orig.: The Namesake, 2003)

    Dette er forfattarens fyrste roman, og i likskap med novellesamlinga Lidelsens tolk (1999), er også denne frå eit indisk innvandrarmiljø. Vi fylgjer ein akademikarfamilies liv i USA, frå bryllupet mellom bokas to hovudpersonar i 1960-åra gjennom tre tiår til den gjenlevande ektefella lever sitt eige liv, med barn og familie.

    Eit sentral tema i boka er kulturkonfliktar. Ashima og Ashoke forsøker stillferdig å tilpasse livet sitt til det amerikanske samfunnet - dei bevarer sin kultur gjennom samværet med andre indarar, samstundes som dei lærer språk og skikkar, dei aksepterer det amerikanske utan at dei sjølv ynskjer å vere ein del av det. Dei to borna opplever ein sterkare konflikt - i motsetnad til foreldra, ynskjer dei primært å vere ein del av det amerikanske. Konflikten er kanskje størst for sonen Gogol, som med sitt framandarta namn korkje høyrest indisk eller amerikansk ut, og historia rundt namnet hans vert ein sentral del av boka.

    September

    Sara Paretsky: Intet glemt (2002) (Orig.: Total Recall, 2001)

    Bokas heltinne er privatetterforskaren V. I. Warshawski, som i denne boka vert involvert i ei sak som viser seg å dreie seg om erstatning til Holocaust-ofre for verdiar dei vart frårana av nazi-regimnet i Europa under 2. verdskrigen. Gjennom ein historie med psykoanalyse, gløymde minner og ein alvorleg konflikt med ei kjær venninne klarer ho til slutt løyse saka, ikkje utan sår for dei involverte.

    Dette var ei heilt grei krimbok, lett å lese og spanande til siste slutt, men eigentleg ingen "höjdare". Eg har ikkje lese andre bøker av Paretsky (så vidt eg hugsar), så eg veit ikkje kordan denne er i forhald, men stilmessig minna den om Janet Evanovich' bøker om Stephanie Plum.

    Ngugi wa Thiong'o: A Grain of Wheat (1967)

    The story takes place during the liberation of Kenya from Britain. A lot of people are pictures, and throughout the story different views are told, both in present and past. This is slightly confusing, and their actions are also often strange, it's sometimes hard to know whether this is an act or a thought or something they have already done.

    A reviewer at amazon.com said this book may be difficult to grasp for Western readers, as the style and their actions are not what we (the Westeners) are used to. I share this opinion. I think this is a very good book, but it's very difficult from most books I have read before and the style made it hard to get. I spent several months reading it, but I'd like to re-read it when I have some more experience in the "African" way of writing (which is more to get used to the mindset rather than a specific kind of writing).

    Liza Marklund: Den røde vargen (2004) (Orig.: Den röda vargen, 2003)

    Dette er den femte boka med journalisten Annika Bengtzon i hovudrolla. To år etter hendingane i "Sprengeren" er ho framleis merka, og ho er i fylgje redaktøren i Kvällspressen ikkje den same gode, kritiske journalisten som før. Ho vil skrive lange, djuptgåande reportasjar på eiga hand, noko redaktøren har vore greit og latt henne gjere for å bearbeide dei to år gamle minna (då ho vart kidnappa og helde som gissel). No er imidlertid tolmodet snart slutt, og det er så vidt ho får lov å reise til Nord-Sverige for å grave vidare i ei 25 år gamal sak om ein eksplosjon på en militærbase.

    Når ho kjem dit, er imidlertid journalisten ho hadde avtale med daud, og det viser seg at han er drepen. Annika Bengtzon får skrive om saka, og vert sjølvsagt vikla djupt i den - nok ein gong med fare for sitt eige liv.

    Nok ei spanande bok om journalisten Bengtzon, men glansen har kanskje falma litt. Det kan tenkjast det er eg som er litt smålei denne typen bøker, men den virka meir langdryg enn dei førre, og eg satt med ei kjensle av at dette hadde eg lese før.

    Oktober

    Toril Brekke: Bergskatt (2004)

    Dette er soga om gruveverksemda på Løkken i Orkdal, ikkje langt frå der familien min har hytte. Frå midten av 1600-talet og fram til vår tid fortel ho om kordan gruvedrifta vaks fram, og skildrar liv og lagnader til mange oppgjennom åra. Store delar av boka er rett og slett veldig bra, med gode portrett og ikkje minst inngåande kunnskap og interessante fakta om gruvesamfunnet. Sidan eg har køyrd fordi gruvene mange gonger, var det spanande å lese om livet der, og spesielt interessant var det å lese om innvandrarane frå lenger sør i Europa og kordan dei påvirka kulturen og kordan dei levde sitt eige liv. Den historiske informasjonen skal vere korrekt, og i såfall har det faktisk vore ein form for landsbyar midt i skauen der vi pleier køyre forbi på veg til hytta. Dette var eit Noreg eg ikkje visste fantes på 16-1700-talet - iallfall ikkje i Trøndelag.

    Diverre vert historia dårlegare di nærare vår eiga tid den kjem - dei siste tiåra føles mest som oppramsingar av årstal og styrereferat, med nokre einskildpersonars betraktningar som avbrot i ein vekebladartikkel.

    Toril Brekke: Sara (2001)

    Sara er dotter av futen(?) og rømmer som 17-åring heimefrå. Ho dreg til Ålesund, der ho etterkvart vert gift og får tre ungar. Så skjer tragedia: mannen hennar døyr på sjøen, og ho sitt åleine att med ungane. Ho bestemmer seg for å bli jordmor, og får byen til å finansiere utdanninga i oslo, ettersom alle byar skal ha ei jordmor. Vel tilbake i Ålesund startar eit langt virke som jordmor, og dei neste ti-femten åra hjelper ho dei fleste av byyens born til verda, og redder også livet til mange barn og mødre.

    Boka gjev eit interesant tidsbilete av livet i ein småby på nord-vestlandet på denne tida. Brekke fortel truverdig og med stor kunnskap historia.

    Lise: Nemi: Enhjørninger og avsagde hagler. (2004)

    Dette er ei kronologisk samling av nemi-stripene frå starten i 1999 og to år framover. Dette er såpass lenge sidan at eg hadde gløymd dei fleste (sjølv om eg las dei frå starten av òg), så eg fekk meg mang ei overrasking og ein god latter over artige poeng og historiar. I tillegg til stripene inneheld boka òg fakta og tankar frå Lise, om nemi som sådan, livet og familien hennar og om kva som fekk henne til å lage dei ulike stripene. Spanande!

    Frode Øverli: Pondus: Flat firer. (2004)

    Pondus-skikkelsa Jokke er vel Nemis rake motsetnad (han finst dog som (ubuden) "gjest" i nokre Nemi-striper...), og i Flat firer møter vi han i vanleg god form, saman med dei andre skikkelsene frå Frode Øverlis Pondus-univers. Så mykje meir er det vel ikkje å seie - dette er Pondus som vi kjenner det, det meste (alt?) har vel vore trykt før, noko av det såpass nyleg at eg hugsa poenget før eg kom til det. Anders var nær å døy av latterkrampe då han las den - sjølv levde eg meg ikkje så mykje inn i den...

    Toril Brekke: Brostein (2003)

    Denne boka handlar om jordmordottera Sara som busett seg i Trondheim med mannen sin. Historia fortel om familiens vekst og fall, og kordan dei klarer seg gjennom år med depresjon og dårleg økonomi - ikkje minst takka vere Saras sterke styring. Historia handlar også om etterkommarane hennar, og kordan dei er ulike personar med ulike evner og vilje til å gjere ting eller endre på noko. Ei heilt grei bok, sjølv om den til tider vart litt monoton.

    Dubravka Ugresic: Museum for betingelsesløs overgivelse (2003) (Orig.: Muzej bezuvjetne predaje, 1996. Oversatt fra Museum van unvoorwaardelijke overgave, 1997)

    Denne boka har fleire delar, fortald frå ulike perspektiv av ulike personar i handlinga. Felles for dei er tilknyttinga til Bosnia og at dei har merka krigen. Nokon har flykta, nokon har flytta, nokon bur framleis i Bosnia. Med unntak av einskilde delar som er litt stakkato og rotete fortald, var boka lettlest og lettfatteleg, og ikkje minst eit interessant bilete av ein families liv før, under og etter ein krig.

    Margit Sandemo: Avgrunnen

    Sagaen om Isfolket las eg då eg var 14 - for eit halv liv sidan. Den gong som no las eg lånte bøker, og eg les dei kun for underhaldningas del. Det er veldig godt å slappe av til - og det auker lesehastigheiten temmeleg mykje ettersom bøkene korkje har komplisert språk eller handling (fire bøker på tre dagar - pluss ein del av ei anna bok). Dette er seriens største ulempe også - eg ville nok følt meg temmeleg "flat" i hodet om eg berre las dette :-) Med lånte bøker er fordelen (ulempa?) at eg berre kan lese dei ein gong, og eg bør lese fort. Det sste er ikkje noko problem; trass i at eg berre las dei ein (eller moglegeins halvannan) gong då eg var 14, husger eg framleis handlinga, faktisk også før eg las bøkene. Å få gjenfortald namna var nesten nok. Undervegs i lesinga visste eg kordan det gjekk, kven som ville dø, omtrent kva som ville skje i neste kapitel. Dette kan moglegeins (!) bli keisamt i lengda, så eg er langt frå overtydd om at eg les ut heile serien - også sist synes eg den fyrste halvdelen (vel, kanskje den fyrste fjerdedelen?) var best, deretter vart det for mange trådar å legge ut og nøste inn, historiane gjentek seg, og slutten er eit skikkeleg antiklimaks. (Huldra har skrive om alle bøkene i serien, og vi har relativt samanfallande meiningar mo kva som er bra og dårleg der.)

    Nok om det. Avgrunnen er historia om Sol, fosterdatter av hovudpersonane og ætling av Isfolket. Full av heksejakt (både av hekser og prestar) og eventyr. Ikkje den boka eg liker best, det vert for mykje fantasi. (Ok, eg ser at Isfolk-kritikarar kan sprute ut i latter over at eg klager over mengda fantasi i Isfolket...)

    Margit Sandemo: Lengsel

    Hovudpersonen i denne boka er Yrja, ei fatig jente frå bygda, ulukkeleg forelska i baronen... Baronessen føder eit "ramma" barn og døyr i barsel, og Yrja er barnepike for ungen, og får etterkvart - etter mykje om og men og kamp - eit nært forhald til mannen ho er forelska i. Så mykje meir er det vel ikkje å seie, anna enn at det er nokså klissete og tragikomisk. Den eine hovudpersonen klarer feks. å seie - på den norske landsbygda kring 1620 - at han "oppføre seg som en elefant i et glassmagasin". Jaja.

    Margit Sandemo: Dødssynden

    No har vi endt opp i Trevdeårskrigen, der omtrent halve slekta er involvert. Cecilie er i Danmark og redder seg sjølv om markgreven, deretter kjem fetteren og redder eit par andre fettere pluss markgreven, før Cecilie trår til og redder markgreven saman med fetteren. Innimellom forsvinn ein tredje (fjerde) fetter, og vert redda av ein framand mann.

    Margit Sandemo: Den onde arven

    Her slår den onde arven til for fullt hos baronessas barn. Han drep ein fetter (Cecilies, ikkje sin eigen) og ein del andre. Deretter redder den framande eit av Cecilies barn og familien går som vanleg alldeles på tvers av alle samtidas (og dei neste par hundreåras) konvensjonar.

    Dette er Isfolket. Dette ER eigentleg nokså monotont....

    November

    Toril Brekke: Granitt (1994)

    Denne boka har handlinga si lagt til eit steinhoggarmiljø rundt Iddefjorden ved Halden. Boka er ok skrive, men sidan eg overhode ikkje kjenner landskapet den er lagt til vart det til tider litt stilleståande og monotont. Men det er ingen tvil om at Brekke kjenner godt til miljøet ho skildrar.

    Laura Djupvik: Båten er så liten (2004)

    Ei litt rar bok av ein ung forfattar - boka er heil grei, men det var til tider vanskeleg å skjønne kva som var fantasi og kva som var realitet i forteljinga. Er kjæresten der, eller er det berre noko hovudpersonen drøymer om og ynskjer?

    Laurent Gaudé: Kong Tsongors død (2004) (Orig.: La mort du roi Tsongor, 2003)

    Kong Tsongor herskar over eit stort imperium i Afrika. Han ser fram til å trekke seg tilbake og ta livet med ro i palasset sitt. Dottera hans skal giftast bort, og alt ser bra ut. Men på bryllupsdagen kjem det for ein dag at dottera for mange år sidan, medan ho enno var barn, lova gifte seg med ein annan mann, og denne mannen vil no at ho skal velge mellom han ho har avlagt eit løfte overfor eller mannen det er avtalt at ho skal gifte seg med. Begge mennene er uforsonlege, og det bryt ut krig, ein krig som varer lenge og krev mange, mange liv.

    Boka er skrive i ein mytisk stil, men språket flyt lett og det er ikkje vanskeleg å få med seg handlinga sjølv om forteljarteknikken i starten er litt uvand for norske hjernar.

    Elisabeth Meyer: En kvinnes ferd til Persia (1930)

    Denne boka handlar om ei kvinne som på eiga hand reiser i Persia på 30-talet. Det er ei slitsam ferd, ikkje minst på grunn av alle problema ho møter som kvinner. Boka var grei nok, litt tung å lese i starten, men då eg kom inn i den gjekk den relativt radig unna.

    Desember

    Helen Fielding: Bridget Jones: The Edge of Reason

    This is the second book about Bridget Jones. Not as hilarious as the first one, but still the good old Bridget. I read it when I was going to see the movie in the cinema, and realized after reading it that it was quite different from the movie - but the movie still felt like it was the right version, and so did the book. So even if the book was very good, it's no prerequisite for the movie - neither for seeing it or making it...

    Margit Sandemo: Spøkelsesslottet (1982) (Orig.: Spökslottet, 1982)

    Dette er, så vidt eg hugsar, boka om Tancred Paladin.

    Margit Sandemo: Bøddelens datter (1982) (Orig.: Bödelns dotter, 1982)

    Boka om Hilde Joelsdatter, som Mattias Meiden vart gift med.

    Margit Sandemo: Den ensomme (1983) (Orig.: Den ensamme, 1983)

    Boka om Tristan Paladin.

    Margit Sandemo: Vinterstorm (1983) (Orig.: Vinterstorm, 1983)

    For den som lurer: dette er boka om Villemo som skal "redde" Eldar.

    Greta Molander: Med Helga til Haifa (1945) (Orig.: Vi kör til klagomuren, 1934)

    Dette er historien om Helga og Greta som køyrer gjennom Nord-Afrika til Haifa på 30-talet ein gong. At kvinner gjorde slikt var på den tida slett ikkje vanleg, men så var heller ikkje Greta Molander ei vanleg kvinne. Og det at det var så uhøyrd at vkinner gjorde slikt på den tida, virka nok også beskyttande - mennene dei møtte var anten sanne gentlemenn (eventuelt gentlemenn med litt lumske planar) eller alminnelege bandittar på jakt etter å plyndre nokre rike menneske, og dei utgjorde aldri nokon verkeleg trussel mot dei som kvinner - eller for den del som personar.

    Boka var til tider svært morosam, og det er utruleg å lese om kordan dei faktisk kom seg fram over fjell, gjennom snø og ørken, og til målet i Haifa - med stil og verdigheit, og ein god dose tyggegummi og potetskrellar.