appelsin

Appelsin var min uunnværlege PalmIII som eg fekk i julegåve av Steinar jula 1998. Den holdt til tider styr på det meste av livet mitt - så eg var veldig nøye med å ta backup av den. Etterkvart brukte eg den berre til adressebok (veldig greitt å kunne endre adresser etterkvart som folk flytta etc, utan å måtte søle med korrekturlakk eller viskelær. Men då vart eg også meir slepphendt med backupen - og ein ikkje spesielt vakker dag i desember 2002 bestemte appelsin seg for å krasje hardt og kom ikkje opp utan hard reset, dvs flashing av minnekortet. Og utan backup... Etter dette gav eg den bort - mot ei flaske vin, trur eg, som eg dog ikkje kan hugse å ha fått. Den glade mottakar fekk dog med krybbe for sync med datamaskin...

Tekniske spesifikasjonar på appelsin