dings

Eg kjøpte hausten 1996 mi fyrste eigne datamaskin, ein Personal DECStation 5000/25. For uinnvidde: nei, dette er ikkje ein ny og fancy windozepesemodell, men derimot ein kul digitalboks som passar ypperleg til skikkeleg OS, feks. av unix-familien. Sannsynlegheiten er ganske stor for at eg er einaste kvinnelege eigar av ein slik boks (iallfall i Noreg)....

Fram til starten av februar 1998 køyrde dings ULTRIX, men no køyrer den NetBSD, nærare bestemt porten til pmax.

Etter nokre år vart dings skrudd av, fordi den bråka for mykje i liten leilegheit. Våren 2002 vart den donert til datamuseet.

Tekniske spesifikasjonar på dings

Maskina kan utvidast med meir minne (til saman max 40MB). Den har lydstøytte og ekstern SCSIbuss, pluss støytte for RZ26 ED floppydisk.