Hobbyar

I tillegg til meir "upraktiske" ting som brevskriving, lesing, vindrikking, Amnesty International etc har eg også nokre meir praktisk retta hobbyar eller fritidssyslar. Eg vil ikkje karakterisere alt som hobbyar - ein del av det er slikt som eg har gjort ein gong, men notert meg nokre erfaringar ved - til glede for meg sjølv dersom eg vil gjenta det, og vonleg også til glede for andre som kanskje har lurt på det same.

Elles er eg i stand til å ta frå kvarandre og skru saman mi eiga datamaskin, lappe sykkelen min, justere sykkelbremser, skifte dekk på bilen, sette i nytt bilbatteri, sage over ein planke, spikre den fast til ein annan planke etterpå, male hyller, pakke ein fallskjerm, bruke drill, skru opp ting på veggen osv. Det er altså ikkje BERRE typiske "jenteting" eg kan.