Badekuler

Badekuler er kuler som bruser når dei leggast i vatn. Dei inneheld sitronsyre og natriumbikarbonat, som reagerer med vatn, olje og parfyme/duft.

Eg hadde eit sett frå Panduro, med farge (gult og rosa), eteriske oljer, sitronsyre, natriumbikarbonat og tyrkisk raudolje, samt plastformer.

Bruksanvisninga som fulgte med var grei nok, sjølv om den bar preg av å vere omsett. Eg hadde i ca. 5 ml meir olje enn det stod og omlag halvparten av dei eteriske oljene (70 dropar på 6-8 kuler (eg fekk dog 10) er relativt mykje, sjølv om mykje sikkert fordampar).

Får du tak i ingrediensane, treng du ikkje kjøpe sett. Sitronsyre og natriumbikarbonat burde det gå an å få på apoteket, farge kan du kjøpe eller bruke krydderfargar (pass på at dei ikkje er for permanente - du skal bade i det og etterpå kanskje vaske badekaret) eller konditorfarge eller rett og slett droppe fargar. Eteriske oljer får du på apoteket eller i hobbybutikk. Tyrkisk raudolje er ein veldig tjuktflytande olje, og den kan erstattast med t.d. olivenolje (men ikkje bland). Eg har tenkt forsøke det neste gong. I tillegg kan det vere lurt å tilsette potetmjøl, sidan det tiltrekk seg fukt og du unngår at kulene bruser for tidleg...

Du treng også ein glassbolle (ikkje metall! Sitronsyre reagerer med metall. Plast kan ta farge.), ei plastsleiv (eller tresleiv du ikkje er redd for), måleskei (kryddermål), lite litermål (gjerne med millilitermerking) og gummihanskar.

Bland 125g sitronsyre og 250g natriubikarbonat, ver nøye med å få ut klumpane. Spesielt sitronsyra støver VELDIG lett, bruk maske dersom du reagerer sterkt på å få det i munnen. Eg fekk lett kløe i nesen, men den gjekk fort over. Leppene mine smakte dessutan surt ei stund. (Dette er ikkje giftig, det er sitronsyre og natriumbikarbonat som gjer at "brusetablettar" bruser. Men det betyr jo ikkje at det er sunt å dynke deg i konsentrert pulver.)

Ha i fargepulver, eg brukte 3 ml gult pulver og kulene vart veldig gule. Bland godt, fordel i alt pulveret. Bruk gummihanskar for å knuse klumpar.

MÃ¥l opp 25ml olje. Ha i ein del eterisk olje, eg brukte 40 dropar. Bland godt.

Hell oljen i pulveret og bland godt. Massen vil vere (grov) pulveraktig, men det er viktig at oljen er godt fordelt.

Form til kuler med hendene, massen let seg forme sjølv om den er meir eller mindre pulveraktig. Press godt saman. Lag kuler eller bruk former (av plast, ikkje metall).

Eg fekk 5 medium kuler (ca 4cm i diameter) og 5 figurar (skjell, sjøstjerner, fisk) av denne oppskrifta, som er omtrent ein halv pakke.

La tørke godt, oppbevar tørt. Bruk ei kule i badekaret.

Lenkjer

SheNet har også mange andre oppskrifter på hudpleieprodukt du kan lage heime på kjøkenet.